lørdag 29. juli 2023

Sørsidetur

Vegane fell så vide - kallar eg denne bloggen min, og det gjorde dei dag. Heile dagen var vi på tur. Det meste på sørsida av Sognefjorden, men starten gjekk på nordsida, forbi grendene i Hermannsverk og Leikanger til Hella fergekai og ferga som tok oss over til sørsida og jordbærbygda Vangsnes. 
Der er det plasttunnellar for jordbær i fleng.
Men høgt over bygda, ved sida av kyrkja
ruvar den tyske  keisar Willhelm den 2. si gåve til bygda, den enorme statua av Fridtjof den frøkne.
Ein sagnfigur frå vikingtida som keisaren var veldig oppteken, så oppteken av at han kvar kveld under seglasane med skipet sitt til vårt land fekk opplesen sagaen om Fridtjof og hans kamp for møya Ingeborg ved kveldsetet ombord.
Og på andre sida av fjorden såg vi den skumkvite fossen Kvinna velte seg utfor fjellet ned mot vegen vi nett hadde køyrt forbi.
Ikkje lange vegen innanfor Vangsnes ligg bygdesenteret Vik, der svingar vegen av frå fjorden og fram dalen som leier opp på Vikafjellet. Men ikkje lange stykket frå Vik sentrum ligg to av måla for turen i dag. Det første er Hopperstad stavkyrkje. 
Den vart kjøpt av arkitekt Blix i Bergen på 1800 talet og restaurert etter hans tankar, og med Borgund stavkyrkje som modell. Hans tankar var at den skulle førast mest mogeleg  attende til slik den var då ho vart bygd på 1100-talet.
Kyrkja har svalgang rundt heile kyrkja. Det var der dei sjuke og dei som ikkje fekk kome inn fekk tildelt nattverden gjennom ei opning i veggen frå koret. Samstundes hindra svalganen at det væte på grunnstokkane på kyrkje.
Døropninga inn i kyrkja er smal, og har utskorne dørstolpar på sidene.
Der kjem ikkje mykje lys inn kyrkja frå det små gluggane høgt oppe i skipet, men litt lys fell likevel inn frå solskinet ute. 
Det openberrar korleis kyrkja er bygt, frå stolpane, stavane, som held kyrkja, til reisverket, med strevebogar, bjelkar og sperrer oppover mot taket høgt der oppe.
Der er eit sidealter på kvar side av koropninga, men dei er tome. Ein gong stod dei der med eit heilagmenne under ein baldakin. Kven det var er lenge sidan gløymt. 
Og alteret som eingong truleg bar Kristus eller Maria møy, har i dag ei katekismetavle frå 1600-talet.
Ulikt vår tids kyrkjer er skipet utan stolar eller benkar. Kykjelyden stod under messa, berre langs veggane er der ein lav benk som eldre og andre med vanskar for å stå, kunne setje enden ned på.



 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar