torsdag 5. oktober 2017

Opp frå Bar Julia.

Morgonen etter vart vi køyrde attende til Bar Julia for å gå den bratte lia opp på åsen og vidare attende til Antonio sin stad. Bakken opp lia er for mange ei utfordring då den eit stykke går rett opp, men ved øverste husa i lia går det i svingar vidare oppover til ein tek av inn i skogen resten av lia. Men lia kan nok koste litt sveitte under solrike og varme dagar på vegen opp. Sjølv for oss som er vande med brattare og lengre bakkar heime.

På vegen opp får ein eit vidt utsyn over dalen nedanfor, men det vert borte når ein kjem inn mellom trea.



Vel oppe på åskammen står der ein gamal kross. Sist vi var for eit par år sidan, var det berre krossen som stod der, men
denne gongen var det det uflidd rundt den.
Vandrarane, eller pilegrimane, som hadde kome forbi, hadde lagt att mykje skrot der, desverre. Eg tykkjer det er ein uting av pilegrimane å lage slik naturforureining etter seg. Men eg har sett mykje av det på pilegrimsvegane i Spania. Det burde vere unødvendig å late etter seg forsøpling som eit bevis på at her var eg.

Så var det berre å fylgje pilane vidare innover åsen , forbi små landsbyar og landbruksverksemder. Sidan herberget vårt ikkje låg ved pilegrimsvegen, hadde Antonio sin son dagen før, køyrt oss den ruta vi skulle gå for å kome fram. Det gjorde at når vi kom fram til pilegrimshospitset i Bruma, så visste vi kvar vi skulle gå vidare fram til vårt hospits. Det låg ved pilegrimsvegen som kjem frå La Coruña.

Ved å dele denne etappen frå Betanzos fekk vi såleis to netter  med det hyggelege vertskapet Anonio med kone.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar