fredag 29. september 2017

Frå Ferrol til Neda.

Morgonen kom og vi var klar for den første vandringsdagen.  Det var grå skyer over oss der vi sette kursen vestover mot merkesteinen ved apoteket, vest i hamna.   Etter å ha foreviga stunda, sette vi kursen austover att gjennom tronge gater, forbi kyrkja og så inn i meir trafikerte gater ut av byen.
Der ligg eit stort verft og marinesenter aust i byen. Forrige gong vi var her var gjerdet mot gata dekt av arbeidskle etter oppsagde arbeidarar. Litt hang der enno att av dei.
Framme ved industiområdet i Gandara byrja dei grå skyene og sleppe ut veske, men vi var heldige. Ved ei bilforretning var der eit overbygg ut mot gata, og der smatt vi tidsnok i ly medan regnet hølja ned.

Der byrja eg å merke at ikkje alt var heilt som det skulle med kroppen min.
Var det sekken som ikkje var heilt ok?  Eg fekk mi kjære til å sjå på den, men ho fann den grei nok.
Kyrkja San Marin de Xubia dukka opp, og som sist gjorde vi rast der. Men inn fekk eg ikkje kome denne gongen heller, berre inn i forgangen.
Men no byrja eg å skjøne at dette kunne verte ei lang vandring for meg. Eg fekk ei sterk kjensle av at noko var galt i ryggen, for eg måtte auke krafta eg brukte på den høgre staven, og likevel kjende eg at eg fekk ei slagside mot høgre sida.

Jarnvegsbrua kom. Ned, under og opp att på andre sida. Eg måtte henge nokre gonger på stavane, men det bar då framover. På gangvegen over motorvegen pausa eg igjen, og tanken kom, tenk om eg kunne teke snarvegen over her, då hadde eg snart vore framme. Men nei, det var enno eit stykke att å gå.

Det barst ned mot dammen,over fyllinga og inn mot byen og den vakre parken langs fjorden. Det hadde eg sett fram til, men nei, ikkje denne gongen. Inn i hovedgata på Xubia vart vi leidde.
Det viste seg seinare at der var eit større arbeid i gang på parkområdet.
No var ikkje ryggen god. Eg hadde ei kjensle av at eg gjekk i vinkel frå krossryggen, og høgre staven støtte stendig hardare mot gata for å halde meg nokonlunde bein.  Var der ein benk ved vegen seig eg ned på den for å få litt kvile.

Kor skal dette gå, tenkte eg, det er berre første dag, og det er mange dagar att til Santiago.
Dei to andre ville skaffe meg drosje, men ein stabukk let seg ikkje overtale til slike naudløysingar. Fram skal eg, punktum.
Endeleg var vi ute av bygata og brua over elva låg framfor meg. No såg eg endepunktet for vandringa denne dagen, Pension Maragoto . Berre ein liten bakkestump, så er eg framme.  På den vesle bakkestumpen må eg kvile tre gonger, siste gongen 10 meter frå døra.
Dei to andre er alt inne der eg slit meg opp trappa og inn, finn meg ein stol og sig ned i den.
Og vertinna ser på meg, det vraket av ein pilegrim som kjem inn, og ler.

Der rart kva litt kvile på senga, ein dusj og eit måltid god mat kan gjer med ein sliten kropp.

Utsyn frå Pension Maragoto mot byen Xubia, og parken langs fjorden.
Og løysinga for resten av vandringa kom. Sekkane våre overlet vi til det spanske postvesen. Vertinna ordna med adresser for alle dagane heilt fram til Santiago.  Sekkane vart henta om morgonen, og når vi kom fram til neste hospits,så stod sekkane der og venta på oss. Sjølve bar vi berre ein liten dagtursekk under vandringa.
Eg ein liten Altus som eg hadde kjøpt på O Cebreiro for nokre år sidan. Den gongen eg gjekk over ende på stien, og halta meg fram til Santiago.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar