Facebook har den siste veka minna meg på kvar eg og mi kjære var for eit år sidan. Då gjekk vi saman med vår pilegrimsvennine Camino Ingles frå Ferrol til Santiago. For vel ei veke sidan kom ho heim etter å gått den vegen også i år.
Det var då eg byrja å minnest vandringa vi tre hadde i fjor. Ei vandring som for meg ikkje gir berre gode minne, då første vandringsdag og heimreisa ikkje vart av dei beste. Årsaka ligg i eit uhell eg hadde på våren som skadde ryggen min, og under heimreisa vart eg råka av matforgifting. Men utanom det vart det ei flott vandring.
Vi flaug ned til Madrid og der fekk første problemet då vår og mange andre sin bagasje ikkje kom på bagasjebandet. Først langt over midnatt var det ein av flyplasspersonalet som tok tak i saka og vi endeleg kunne kome oss frå flyplassen. Men då var nattbussen til Ferrol, som vi hadde bilettar, til reist for lang tid sidan. Derfor vart det ei kort natt på eit hotell ved flyplassen, og drosje inn til Madrid og dagbuss mot nordvest neste morgon.
Det positive med det var at vi fekk sjå nye landskap på vegen mot nordvest, men det førde og til at vi ikkje fekk byrje vandringa den dagen vi hadde planlagt, men først dagen etter. Det var for så vidt greit då vi slapp unna mykje regn.
Resten av dagen brukte vi til å gjere oss litt kjende i byen, mellom anna leitte vi opp steinen ved hamna, steinen som markerar starten på Camino Ingles frå Ferrol.
Og med god hjelp av hjelpsame byborgarar fann vi og ein bra stad til å få oss noko varm mat i kroppane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar