lørdag 30. september 2017

Til Pontedeume

Dei vel 15 km frå Ferrol til Neda vart slitsomme for meg. Årsaka låg nok i uhellet eg hadde på førsommaren då eg skulle bryte av ei lang fjøl ved å hoppe ned på henne, der ho låg mellom ein mur og bakken. Eg såg ikkje føre meg at det skulle verte som å hoppe på ei trampoline. Eg hoppa, og i neste augneblinken letta eg frå marka og landa under ei verkeleg trampoline med ryggen ned mot røret som var ein part av foten på den. Og der låg eg og måtte ha hjelp for igjen å reise meg, undrande på om eg hadde brote ryggen. Heldigvis var det ikje så galt. Gjer ikkje slikt, sa son min, men det vart litt for seint å høyre det. Eg var for det meste arbeidsufør resten av sommaren. Men no var det september, og eg hadde meint denne vandringa skulle gå bra, noko den ikkje gjorde dagen før, og årsaka var sekken. Tyngda av den takla ikkje ryggen min.

Men det er rart kva ei natts god kvile utfører på ein sliten kropp. Når morgonen kom merka eg ingen ting til problema eg hadde dagen før. Sekken sette eg frå meg då eg gjekk ut døra, berre den vesle Altus-sekken hadde eg på ryggen, og den kjende eg nesten ikkje vekta av. Mine to medvandrar let og sine sekkar stå att, overletne til det spanske postvesenet.


Vegen vidare gjekk utanom gatene i Neda, vi svinga av ned mot fjorden på ein fin gangveg mellom store skogar av strandsiv. Og dei mange møta vi gjorde der synte av denne strandvegen var populær også mellom dei lokale. Men etter ei stund svinga vi bort frå stranda , forbi kyrkja Santa Maria de Neda, og vidare vestover langs fjorden der vi i går gjekk austover på andre sida.





Ved Fenne byrja vegen å klatre oppover mot åsen  mellom Ferrol-fjorden og Ares-fjorden. Vandringa tok oss både på bygdevegar og skogsstiar  før det barst nedover att til den vakre Madanelastranda, og det vakre parkområdet vestover mot den lange brua over mot Pontedeume.
 Det er ei gamal bru, frå 1400-talet, den hadde opphaveleg 116 bogar, og eit kapell for vegfarande mellom den 21.og 22. bogen. Vel det var den gongen ein mektig mann, Fernan Perez de Andrade, rådde i byen. Ikkje mykje er att etter han , men byen si stoltheit, det mektige tårnet, Andradetårnet, står enno.









Elles er det ikkje mykje som minner om kva byen ein gong var. I dag ein moderne liten by ved elva Deume.
Denne gongen tok vi inn på hotell vi ser ved enden av den lange brua, og då sola kom fram, nytta vi ettermiddagen og kvelden til å sjå oss om.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar