søndag 1. oktober 2017

Til Miño

Det er ikkje så langt til Miño, berre omlag ei mil, men vi hadde på førehand funne ut at denne gongen skulle vi ta det roleg og gi oss tid til å vere litt turistar under vandringa. Og der kan vere mangt å sjå, om ein berre let augene leite litt, og ikkje berre er oppteken av det som ligg beint fram for føtene.

Derfor hadde vi god tid  då vi gjekk ut gjennom gatene i Pontedeume og opp bakkane mot den neste åsen vi skulle over på vår veg mot vest. Og som dagen før var det både skogsstiar, kryssing av motorvegar og gjennom små grender der hundane varsla oss lenge før vi var framme.

Men til slutt bar det ned bakkane til gatene i Miño. Litt leiting måtte til der og, men ein lokal eldre mann viste oss ein bar der vi kunne få byens beste churro. Og god var den.

Så var det å finne overnattingshospitset. Etter litt leiting fann vi gata, og langt om lenge var der nokre som visste litt om kvar det var.
Vi var framme, men der var det låste dører. Kva no?
Igjen var det ein lokal som vart til hjelp. Vertinna budde ein heilt annan stad, og vart tilkalla og kom etter ei tid så vi kom oss inn. Til nokre knøtt små rom og bad. Her vart det nattelege og ingen ting anna. Det var berre å kome seg ut att og utforske omgjevnadane.

Inn til byen igjen for å finne eit matmarked, sokalla supermercado.
Men kvar var det?
Vi gjekk gate opp og gate ned, ikkje noko slikt å sjå. Eit eldre par kom og skulle inn ei dør. På eit stotrande spansk spurde eg om hjelp, og dei peika nedover gata vi var i.
Ok. Eg kunne ikkje sjå ei slik forretning nokon stad, før eg med eit såg ein inngang inn til ei forretning i ein kjellar som kunne tyde på at der var det kolonialvarer innanfor.
Det er ikkje alltid like greit å vere i framandt land når ein ikkje skjønar så mykje av språket. Paret hadde fortalt meg det, men eg hadde ikkje skjøna dei.


Utover mot husværet vårt hadde vi gått forbi ei bukt med ein fin sandstrand ved fjorden. I trappene ned dit var der ein liten bar. Der slo vi oss til i ettermiddagssola og tinga oss kaffi.
Der var ikkje nokon stor trafikk forbi oss, heller ikkje inn på baren, men nede på stranda var der fleire som tok solbad, men lite av bading.

Etter kaffien var  ferdig nytt, rusla vi og ned trappene og bortover strandpromenaden. Her var fint tillaga med med benker til å sitje på om ein ikkje ville ned på sanden.


Då sola byrja å nærme seg ute horisonten, vandra vi utover mot nattelega medan himmelen raudna i nordvest.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar