søndag 8. oktober 2017

Santiago, og heim.

Ei medvandrar frå 2014 møtte oss i Sigüeiro og gjekk saman med oss inn til Santiago. Så vandra vi endå ein gong gjennom bogegangen, forbi sekkepipeblåsaren og inn på den store plassen framfor katedralen.  I Betanzos var det store motorsyklar samla på plazaen, her var det veteranbilar i mengd som møtte pilegrimane som kom. Endeleg framme etter dagar undervegs delte dei ut til kvarandre gratulasjonar, klemmar og kyss.

Litt tid brukte vin plassen for å samle litt inntrykk før vi vandra attende gjennom bogegangen og opp til klosteret bak kyrkja for å melde vårt kome og finne sekkane og roma våre, oppe på loftet under taket. Så venta katedralen og bygatene på oss.

Og pilegrimskontoret. Tidleg neste morgon sette vi kursen mot det for å gjere registreringa og få pilegrimbesviset. Der var det alt lang kø, og eg som ikkje hadde brydd meg om å samle stempel i passet var avvist i døra. Heilagdomen var stengd for meg.
Men katedralen var ikkje stengd. Sjølv om eg hadde vore der før nokre gongar, høyrer det med å vandre gjennom den, vitje kypta der Jakob si kiste står, vere til stades under messa og få sjå på når det store røykjelseskaret vert svinga.


Ved ei av messene vi skulle vitje var der lang kø framfor inngangen. I omlag ei time stod vi der og venta. Til slutt melde ryggen min at no var det snart nok, men endeleg byrja vi å sige framover og inn døra. Kyrkja var full då vi kom inn men mi kjære og eg fann oss ein gamal, sliten benk ved ein vegg og seig ned på den. Ikkje alle fekk det høvet, å sitje, så mange stod.

Messa gjekk sin gang, vi som sat fekk nøye oss med orda som vi skjøna lite av, men vi reiste oss og sette oss når dei andre gjorde det. Eg såg vel kanskje litt ukonsentrert ut, for under nattverdsliturgien då kyrkjelyden helsar  Guds fred til kvarandre, fekk eg brått ei real klem av ei kvinne i nærleiken.
Men då røykjelseskaret vart fira ned for å svingast, vakna brått heile mengda, og mobiltelefonar i hundrevis kom opp for å filme hendinga. Ein av dagane fann vi ut at vi måtte sjå noko vi ikkje hadde sett før, og då vart det ein gaida tur opp på taket av katedralen. Og der oppe var det vidt utsyn.




















Alt har ein  ende, også dagane i Santiago. Tidleg ein morgon sette vi oss i ein drosje for å flytte oss til busstasjonen og avreise til Madrid, og så fly heim.
Og der, på bussen merka eg at magen ikkje spelte på lag lenger. Eg måtte ha fått i meg noko som skapt opprør i den. Flyturen attende til Oslo vart ikkje god for meg, og vel framme der måtte eg ringe min son for å høyre om han kunne hente oss når flyet kom til Ålesund. Og det let seg ordne. På flyplassen stod eit barnebarn og tok imot oss, og køyrde oss heim før  neste dag kom.
Kva som var årsaka veit eg ikkje, men omlagt tre veker tok det før eg var på rett kjøl att.



1 kommentar:

  1. Kor kjekt at du skriv om vandringa vår i fjor! Ei veldig kjekk vandring, skal vi ta den igjen?

    SvarSlett