Etter nokre timar kom vi fram til Buscàs og der var baren open, og då var det sjølvsagt tid for ein kopp kaffi.
Frå Buscàs var det ikkje så langt fram til at vi måtte ta av til Ordes, og eg fekk mannen bak bardisken til å forklare og teikne vegen fram til Ordes. Men då vi kom inn i gatene var det ikkje berre berre å finne gatene fram til hotellet. Mange vart stogga og spurde, men ingen visste kva gater vi skulle gå. Men endeleg, etter mykje spørjing og leiting, dukka det opp.
Det bles kaldt i Ordes, og ein stad å få seg mat var det heller ikkje enkelt å finne, Men den som leitar han finn, heiter det. Det og lukkast til slutt.
Ordes?
Var avstikkaren vert gåinga og leitinga?
Eg trur ikkje eg kjem til å vitje byen igjen om eg kjem på dei kantar. Såleis var det ikkje verd vandringa dit, men på andre sida, eg har då vore der.
Kva vi såg av særleg interesse der?
Nokre veggmåleri, vandra i ein fin park og vitja ei kyrkja.
Elles ein heilt ordinær by lik mange andre byar.
Men natta vart ikkje av dei beste. rett utanfor vindauget var det eit trafikert gatehjørne. Bilar ramla forbi, og lydsignala ved ein fotgjengarovergang peip heile natta. Så det vart ei heller lite søvn på meg den natta i Ordes.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar