Vesle julaftan er koma i år og. Det er vel snart tid for å byrje å stelle stova til for julefeiring. Sette opp juletreet og pynte det med lys, kuler, glitter med meir. Og å henge opp alt anna som skal ha sin faste plass i vår julefeiring. og ikkje det minst få vår julekrubbe fram til sin faste plass. Den vi laga, mi kjære og eg, då jentene våre enno var små. Eg snekkra og ho sydde kle til Maria og Josef, hyrdingar og vise menn. Ho har vorte litt vindskeiv med åra, krubba, men ho tener enno. I vår heim er det den som markerar at jula er her.
I min barndom hende det aldri at treet og pynten kom på plass før juleaftan ettermiddag, men det har siste åra, i mange heimar, vorte flytta fram i tid. Mange ser eg pyntar til jul, alt tidleg i desember. Det har vel, over tid, vorte slik at jula flyttar inn i adventstida, og julehelga med det vert avslutninga på julehøgtida, og ikkje starten slik det var i min barndom. No vert jula hjå mange rydda bort når nyårshelga er over.
Ute ser eg lite av vinter. Liene er snøfrie langt opp mot fjelltoppane, men i dag ser eg nysnø ned mot omlag 700 m.o.h. Så kanskje, om det vert litt kaldare, får vi ein smak av kvit jul i år og. Så langt har desember vore mildare enn det normale. Kva det no er som er normalt? Det har vore så ymse før og, om dei snøfrie åra har vore heller skjeldne. Men uansett kva som skjer, jula kjem i år og, og det same gjer været, kor det enn vert. Vi kan ikkje gjer så mykje med det anna enn å ta imot det som kjem.
Men no får eg nok leite opp støvugaren og vaskefilla og byrje på å førebu heimen på morgondagen, då vi skal feire at Gud vart menneske i eit lite nyfødd menneskebarn. Mysteriet som undrar meg, og gled meg, og som gir meg von om at alt det vonde vi høyrer, ser og les om dagleg, ein dag skal få sin ende. Den dagen Han kjem att, og då ikkje vekkgøymd som eit nyfødd barn i ei krubbe, men som kongen over himmel og jord, Han som kjem med rettferd og fred.
Ei velsigna god og fredeleg julehelg ynskjer eg alle mine lesarar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar