tirsdag 15. desember 2015

Førjulskveld

"Mørkt og kaldt og lite sol, soleis er det fram mot jol", heiter det i ein song vi song i min barndom. Det vert visst ikkje slik i år. Mørkt, ja, mørkare enn det hadde vore om bygda var dekt av kvit snø. Men kaldt? Ikkje slik denne førjulsvinteren. Vi fekk litt snø for eit par dagar sidan, nok til at det syntest ute, men er det på veg bort att. Og værmeldarane lovar oss grøn jul og mange varmegrader i år. Lite snø har det nok vore år om anna før og, men utan snø i jula kan eg knapt hugse. Og no er sola borte også der eg og mi kjære bor. Den 10.desember sa ho takk for seg for dette året. Ikkje fekk vi sjå at ho gjorde heller. Dei grå skyene over bygda sørga for det. Men vi får leve i vona på at ho kjem att med nyårsdagen. Om ikkje skyene ligg over bygda då og.
Men i dag var det nesten som ho gjorde oss ein liten visitt. I alle fall gav himmelen over åsen i sør ei lita lyshelsing frå henne, der ho låg like under åskanten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar