søndag 21. april 2013

Austefjord kyrkje

Så var tenestedagen komen, etter dagar med mykje tankeverksemd. Vakna derfor tidleg denne morgonen. Det var nok ei lita uro i kroppen, sjølv om eg meinte meg vere godt budd. Det var inn til Fyrde i Austefjorden eg og mi kjære la vegen denne sundagsmorgonen. Inn ein fjord der det i tidlegare tider gjekk ein smal veg og svingete veg høgt opp i stupbratte lia ned mot fjorden. Men som no er i fred med å verte omklassifisert til Europaveg. Med fleire lengre tunellar, og med brei og god veg mellom dei. Etter vel halvtimen var vi framme og svinga av ned mot den vesle kvitmåla kyrkja som vart reist her inne i fjorden i 1879. Men opphaveleg stod ho ikkje her. Ho er ei gjenbrukskyrkje. Ho vart først reist i Bjugn på Trøndelagskysten i 1773.
Her skulle eg leie gudstenesta i dag, og eg skulle og få æra av å døype ein liten gut. Så med dåpsfylgjet og i kyrkja, var me ein heil flokk samla då klokka ringde inn til samling.
Eg byrjar etter kvart å få eit lite tak på den nye liturgien, men eg har litt vanskar med at den kan vere så ulik frå kyrkje til kyrkje. Men på kyrkjekontoret i Volda har eg fått god hjelp i få på plass gudstenesta sin agenda. Eg vert vel tryggare på det nye med tida, får eg vone. Takk til hjelpa mi der.
Det var orda frå Jesus om at han er vegen, sanninga og livet som var utgangspunktet for "preika" mi. Vonleg så var dei "høyrande" orda eg hadde å fare med. Klarte ikkje heilt å la vere å drage inn nokre erfaringar frå Jakobsvegen, både om vegmerke og å bomme på vegen. Noke som vart komentert på kyrkjebakken. Ei sa til meg at når eg var der, då måtte ho i kyrkja for å høyre kva eg hadde å kome med.Og det tok eg positivt opp sjølvsagt, og kjende at det varma meg. Sjølv om eg veit det kan vere så ymse med desse orda mine. Så takk til ein kyrkjelyd som tek imot ein vikar på ein så god og varm  måte.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar