Før i "gamle dagar" hadde ein gjerne med eit godt vegkart. I dag går det vel helst på meir moderne hjelpemiddel, som GPS. Men eg les rett ofte om strore trailerar, helst utenlandske, som køyrer seg fast etter å ha stolt litt for mykje på GPS'en. No sist var det ein lang polsk lastebil som køyrde seg fast på veg opp Gaularfjellet frå sør. Vegen over fjellet var vinterstengd, men brøytt eit stykke opp for lokal påskeutfart. Han kom så langt som det var brøytt, men der vart det stopp. Ikkje råd å snu, så einaste rådet var å rygge ned frå fjellet, ned til bommen. Og det var ikkje berre enkelt med lang bil og krappe svingar i bratt terreng. Men han var heldig, der var hjelp å få i Førde, nokre timar undan. Og etter fem timar med rygging og lirking i trange svingar og på smal veg var han nede og fekk snu bilen. Så GPS kan ein ikkje alltid lite på.
Vi kom til den franske fjellbyen Le Puy for å byrje på vår vandring mot sørvest. Kart, nei det hadde vi ikkje. Dei hadde i katedralen, men den nonna som stod for salget var der ikkje, og då vart det ikkje noko kart på oss.
Korleis finne fram dei tjue mila vi hadde tenkt å gå? I totalt framandt landskap.
Då var det vegmerka vi måtte lite på, og passe på at vi ikkje oversåg dei, for då var det lett å kome på avvegar.
Og fylgde vi desse små hjelparane langs vegen, så trong vi korkje GPS eller kart, men kart var likevel gode å ha for å kunne sjå litt lenger fram enn det vegmerka viste oss.
Og om vi finn høve til å gå Camino de San Olav seinare i år, så der og små vegmerke vi skal fylgje. Då er det same slags merke som er på pilegrimsvegen frå Oslo til Trondheim. Den norske St. Olavs vegen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar