torsdag 4. april 2013

Vegen, det er eg, sa han.

Det sentrale i preiketeksta, denne søndagen om nokre veker er "Eg er vegen".
Ordet veg er ikkje ukjend for meg.Heller ikkje vegmerke. Til det har eg køyrt vegar og vandra vegar og stiar nok til å vite kva det ordet handlar om. Men kva meinte han som sa det. Ikkje kan det handle om dei vegane og stiane eg har køyrt eller gått på når han seier at vegen, det er eg.
Skal eg andeleggjere utsegna hans, eller er orda hans bokstaveleg meint å handle om den verkelege, handfaste, verda eg lever og rører meg i? Her og no? Men andeleggjer gjer eg det, vil det då ha noko å sei mine tilhørarar i gudstenesta? Er ikkje det å andeleggjere ordet det same som å gjer det fjernt og uverkeleg for den røyndomen vi lever i? Ufarleg?
Eg må sjå i kva samanhang det var han kom med orda.

No er eg i tida etter oppstoda, men for å finne då orda vart uttalte, må eg skru tida attende. Eg må gjer slik vi av og til gjorde då vi såg på våre eigne 8mm filmar., 40 år attende. Etter at filmen var vist, sette vi framvisaren i revers og såg filmen baklengs. Det var ofte ein vel så stor suksess som når den vart vist rette vegen. Å sjå korleis folk, dyr og bilar flytte seg baklengs i raskt tempo fekk ofte låtten fram hjå tilskodarane.

Då får eg gjer det same. Ikkje på film, men i tankane. Flytte meg attover i tida. Forbi Maria Magdalena sitt møte med den oppstadne, engelen i den tome grava, kvinnene på veg tidleg om morgonen, steinen som verte reist mot gravopninga, den døde Jesus vert teken ned av krossen, soldaten som stikk spydet i sida hans, det siste fortvila ropet i dødens stund, krossfestinga, vandringa mot Golgata, dødsdomen, forhøyra, hudflettinga, Judas sitt kyss i hagen, Jesus på kne i skjelvande bøn, vandringa ned trappene frå Sionsberget, Jesus sine siste ord til dei i øvresalen, Judas som forlet romet, måltidet, fotvaskinga.. Alt flyttar seg attende i raskt tempo.

Stopp. dette vart for langt. Litt fram att, men ikkje så fort denne gangen.
Dei tolv og Jesus er samla ved bordet og måltidet, Jesus reiser seg, bind linkledet om livet, slår vatn i fatet og byrjar vaske føtene deira. Peter som vil hindre han, men i neste no vil ha vaska meir enn berre føtene. Måltidet. Jesus som lyfter brødet og vinen mot himmelen før han sender det rundt. Og så Judas som reiser seg og går ut.

Endå litt seinare fart, takk.
Eg høyrer Jesus sei noko før Peter si stemme bryt inn:
-Kvar går du Herre?
Og Jesus som svarar:
-Dit eg går kan du ikkje fylgje meg no, men seinare skal du det.
-Kvifor kan eg ikkje det? Eg vil fylgje deg, om så inn i døden.
-Du vil gi livet for meg? Det seier eg deg Peter. Før hanen gjel i natt har du fornekta meg tre gonger.
Men ver ikkje redde, tru på Gud og tru på meg. Eg går for å lage til ein bustad for dykk. og når det er gjort kjem eg att, og då skal de vere der eg er. Og de veit vegen dit eg går.
Då bryt Tomas si røyst inn:
-Vi veit ikkje kvar du går. Korleis kan vi då vite vegen dit?

Då kan eg stogge filmspolinga. Eg eg framme ved teksta sitt sentralord då Jesus seier;
-Eg er vegen, sanninga og livet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar