lørdag 6. april 2013

Ein andeleg veg?

Etter nokre dagar med sol og litt varme i sola, og med gule krokus og kvite snøklokker ved husveggen,. Ja, jamvel kvitveis kunne vi finne om vi leita på dei rette plassane. Så vakna vi idag til eit lite tilbakeslag, for ute var det igjen kvite marker.  Ikkje mykje hjå oss. Vi bur nok litt i le for vind og snø, for eg les at andre stadar lenger ute og nord har det kome meir av snøen.

Men eg var inne i nokre tankar omkring eit ord som Jesus sa til læresveinane det siste døgnet han levde. Då sa han til dei at vegen, det var han. Og sidan det er preiketeksta i ei gudsteneste eg skal leie om nokre søndagar, opptek denne utsegna meg ein heil del desse dagane. Korleis skal eg tolke desse orda?

Jesus sa dei som svar til noko Tomas hadde sagt. Og det dreia seg om at han no snart ville flytte frå dei og attende til Guds bustadar, og der ville han lage til bustadar for dei også Og då Tomas var ærleg og seier at han ikkje kjenner vegen dit, så er det Jesus kjem med utsegna si.
Skal eg tolke orda i rein andeleg retning? At dei handlar om korleis dei skulle kome til Guds himmel, og har liten samanheng med livet vi lever her?
Mange har gjort, og gjer nettopp det. Eg hugsar vekkingtider då det store og viktige i forkynninga var å verte frelst for å kome til himmelen. Og det forkynt på ein slik måte at livet her var underordna det store og viktige, å nå himmelen. Men vert ikkje det ei slags livsflukt? Var det ikkje det gnostikarane i si tid gjorde? Og i våre dagar New Age filosofien? Det var det andelege som var det viktige. Å ha gnosis, kunskap om det andelege.
Eg har og lest på verdsveven vandrarar som andeleggjer pilegrimsvegen, noko eg har store vanskar med. Til det har vegen under føtene vore for virkeleg, og smerten eg har opplevd etter vegen vore for ekte.
Ein andeleg veg? Ja eg trur at Jesus meinte også det når han sa at han var vegen. Men eg trur og han meinte noko meir. Derfor trur eg at Jesus sine ord om at han er vegen, må ha ei tyding utover berre det å kome til himmelen. Det må og ha noko med livet vårt her å gjere. Med vegen vi går her, om han er både bratt og steinet, og kan gi oss både vond rygg og såre føter med gnagsår.
Så når Jesus seier at han er vegen, då handlar det både om det andelege og om det det livet vi lever her og no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar