tirsdag 2. april 2013

Eg har sett Herren!

Det er for meg underleg at menneske som er rekna mellom dei mest oppegåande i klokskap og kunnskap set sin lit til noko eg finn lite truverdig.Eg har i denne påska fylgt med i kva ein amerikansk teologiprofessor på sin blogg har skrive omkring det som hende i Jerursalem då Jesus vart krossfest, og stod opp att. Og eg skjønar at han legg stor vekt på nokre deler av eit evangelium som vart funne i sanden i Egypt for vel 100 år sidan. Evangeliet etter Peter, er det kalla. Kor omfattande det har vore, veit ingen, men det ein har, omtalar påskehendinga. Truleg er skriftet frå ut i det 2.århundret, og etter det eg les av det, og skjønar, er deler av det influert av gnostisismen. Der er i alle fall ord som er langt borte frå det eg vil kalle realistisk.
Men denne professoren brukar det til å fortelje ei heilt anna påskesoge enn det evangelia fortel, trass i at dei er nærare det som hende, og dei som opplevde det, i tid. I det heile minner mykje av det meg om våre dagars konspirasjonsteoriar, der Jesus ikkje døyr og ikkje står opp att, men vert teken ned av krossen og flytta til ein løydestad der han vert lækt, og lever vidare i andre land.
Med eit slikt utgangspunkt, kan eg ikkje skjøne anna enn at då raknar heile grunnvollen under mi kristne trusverd.
Då set eg meir lit til evangelia si fortelling av påskehendinga, også den utrulege påskemorgonhendinga som går langt ut over det eg kan forstå, men som eg i mi tru har full tillit til.
Desse kvinnene - underleg at det svært ofte er kvinner som får være Guds vitne og formidlarar når det hender noko stort - som tidleg om morgonen kom til grava og finn den tom.
Dei fleste av dei spring redde bort, men ei vert verande att. Gråtande ser ho inn i grava og ser to unge, kvitkledde menn, og får høyre bodkapen deira om han er ikkje der lenger. Slik det står på døra inn til grava i Gordons gravhage: Han er ikkje her. Han har stått opp.
For så, i neste no, får ho møte den oppstadne åsyn til åsyn,
Og så fortel Johannes at Maria Magdalena gjekk attende inn i byen, fann læresveinane og sa: Eg har sett Herren.
Eg likar å søkje andre innfallsvinklar til dei bibelske hendinga, sjå inn på hendingane gjennom andre vindauge enn dei som er mest vanleg. Det er på ein måte å utfordre, prøve mi tru, men eg må tilstå at eg har større tiltru til Maria sine ord enn den amerikanske professoren sine konspirasjonteoriar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar