Kva er det med desse førjulsdagane?
"Mørkt og kaldt og lite sol, soleis er det fram mot jol" heitte det i ei songstrofe eg hugsar frå barndomen.
Og det stemmer for denne førjulstida, med unntak av kulden.
Mørkt har det vore med korte dagar og gråbrune lier og fjell, men det med kulden har ikkje stemt så langt. I staden hjar det vore mildt. Herleg mildt for ein varmekjær og gisen kar.
Men no ser det ut for å vere endring på gang.
Eg var inne på Yr og kika på kva som vart spådd av vær framover. Og då synte dei fram snøkrystallar som nedbør frå søndag og vidare i dei etterfylgjande dagane. Og gradstokken ville krype ned på minustala.
Akkurat dei varsla hugar meg ikkje mest, men, det positive er at det vert lysare ute når alt vert dekta av den kvite vinterdyna.
Så er det berre å vente og sjå om varsla slår inn. Dei har teke i miss før og, værprofetane.
Kva mi kjære les i almenakka, er eg ikkje oppdatert på, men eg har ofte erfart at hennar lesing av månefasane kan stemme overraskande godt når det gjeld det store oversiktsbiletet.
Uansett, ein nå berre takke og ta imot det som kjem, om ein likar det eller ikkje.
Men ute er det framleis blomar som lyser opp i desse grå førjulsdagane.
onsdag 30. november 2011
søndag 27. november 2011
Beste fikse
Kråkenes fyr under uværet "Berit" Biletet henta frå smp.no |
Det var laurdag. Ei vindfull natt hadde gått over i grålys morgon.
Eg sat i godstolen ved døra ut til terassen. Avisa var lagt bort. Der skulle vere ei til denne morgonen, men den hadde nok ekstremværet "Berit" hindra i nå fram til mi postkasse. Nok vind til å vekkje meg av søvnen eit par gonger hadde det vore, men det vert skjeldan det heilt store her inne i fjorden. Då rasa det nok mykje meir ute på kysten, som biletet frå Kråkenes fyr viser.
Eg sit med kaffikoppen min og ser restane av været kvittoppe bylgjene på fjorden, men inne har eg det lunt og godt.
Då høyrer eg døra ute på gangen opnar seg og smell i att.
Eg snur meg for å sjå om kjøkendøra og vil opne seg, men nei det er stillt ute på gangen.
Ombestemte han seg og gjekk opp att til far og bror, guten?
Eg vender meg mot den grålyse morgonen ute igjen, medan eg nyt den varme drikken.
Då går kjøkendøra opp, og inn kjem mi kjære, heller lett nattkledd.
"Er du oppe alt? Så tidleg på morgonen likar ho å nyte sengevarmen enno ei stund.
Ho smiler og viser meg at ho har eit stykke stoff mellom hendene. Kva det er oppfattar eg ikkje i farta, for rett etter henne kjem vesleguten, og han forklarar; "Beste fikse", og så forsvinn dei inn på bakromet, og det vert stillt der inne.
Etter ei stund får nyfikna overhand og eg ruslar etter.
Der ser eg mi kjære ved symaskina, og guten ved sida hennar. Han strekkjer seg opp på tå for å få med seg alt ho gjer.
Over symaskinarma er det komen ein sokk, og no driv ho og let nåla fara att og fram over sokken.
"Beste fikse" forklarar guten, då eg nyfiken spør kva dei driv med, men det er knapt han har tid å snu seg mot meg når han forklarar.
Etter ei stund kjem dei to ut att, og no er det han som stolt ber sokken i hendene, og dei forsvinn ut kjøkendøra att. Han opp trappa til far og bror, og ho attende til senga enno ei lita stund.
Når ho seinare kjem påkledd attende forklarar ho at det var faren, vår son sin sokk som hadde eit hol.
"Å var det han som sende sonen ned," tenkjer eg. Men seint på kveld får eg høyre sanninga. Det var vesleguten som hadde sett holet i faren sin sokk og teke tak i den for å dra den av. Og så skunda seg mot kjellardøra med orda; "Beste fikse".
fredag 25. november 2011
"Berit"
Det melde ekstremværet "Berit" gav ikkje den store vindstyrken her inne i fjorden. Men floa var rimeleg høg. I nokre naust kunne ein rodd rett inn.
Pilegrim
År attende i tid, var eg med på ei ferd, som busspilegrim, til dei kystane som forfedrene herja så hardt for vel 1000 år sidan, Men som og gav folket her vest trua på Kvitekrist i retur.
Det var ei spanande reise inn i dei gamle keltiske områda. Det gav meg ein vedhaldande fasinasjon for den keltiske trusverda. Og for ei kyrkjeordninga som ikkje var så toppstyrt som den romersk katolske ordninga som vi protestantane har vidareført.
Tidleg i fjor haust vart eg beden om å halde eit innlegg på ein mannskveld om pilegrim og pilegrimsvandring.
Eg gjorde det med ein power-point-serie. Sidan har eg vist den serien fire gongar til, og kvar gong har det medført ein del revisjon av innhaldet.
No er 6.utgåva klar etter mange timar med revisjon, og eg er spent på responsen når den vert framførd.
Under timane med tenking omkring pilegrim og pilegrimsvegar, dukka turen til Skottland opp i minnet.
Om avtrykka etter føtene våre som vi sette i sanden då vi vandra over til Lindisfarne, eller The Holy Island, på austkysten av Northumbria. Øya som vart herja fleire gonger av nordmenn på 8-900talet.
Vi sette spor etter oss i sanden, men snart ville tidevatnet igjen fløyme inn i sundet, og ved neste fjøre ville havbotnen igjen dukka opp utan spor etter våre føter.
Pilegrim tyden ein framand. Som det står i den gamle songen:
Eg er framand. Eg er ein pilegrim. Berr ei kveldstund er eg her.
Eller sagt med orda av den spanske poeten .
Vandrer, dine fotspor er veien.
Intet mer.
Vandrer, det finnes ingen vei.
Veien blir til mens du går.
Mens du går blir veien til,
og ser du deg tilbake,
ser du stien du aldri mer skal følge.
Vandrer det finnes ingen vei,
bare runer i havet.
Det var ei spanande reise inn i dei gamle keltiske områda. Det gav meg ein vedhaldande fasinasjon for den keltiske trusverda. Og for ei kyrkjeordninga som ikkje var så toppstyrt som den romersk katolske ordninga som vi protestantane har vidareført.
Tidleg i fjor haust vart eg beden om å halde eit innlegg på ein mannskveld om pilegrim og pilegrimsvandring.
Eg gjorde det med ein power-point-serie. Sidan har eg vist den serien fire gongar til, og kvar gong har det medført ein del revisjon av innhaldet.
No er 6.utgåva klar etter mange timar med revisjon, og eg er spent på responsen når den vert framførd.
Under timane med tenking omkring pilegrim og pilegrimsvegar, dukka turen til Skottland opp i minnet.
Om avtrykka etter føtene våre som vi sette i sanden då vi vandra over til Lindisfarne, eller The Holy Island, på austkysten av Northumbria. Øya som vart herja fleire gonger av nordmenn på 8-900talet.
Vi sette spor etter oss i sanden, men snart ville tidevatnet igjen fløyme inn i sundet, og ved neste fjøre ville havbotnen igjen dukka opp utan spor etter våre føter.
Pilegrim tyden ein framand. Som det står i den gamle songen:
Eg er framand. Eg er ein pilegrim. Berr ei kveldstund er eg her.
Eller sagt med orda av den spanske poeten .
Vandrer, dine fotspor er veien.
Intet mer.
Vandrer, det finnes ingen vei.
Veien blir til mens du går.
Mens du går blir veien til,
og ser du deg tilbake,
ser du stien du aldri mer skal følge.
Vandrer det finnes ingen vei,
bare runer i havet.
onsdag 23. november 2011
November
Dei stutnar fort dagane, no som vi er i
slutten av november. Sola greier seg med knapt fire timar når ho glytter over
fjella i sør.
Om ho i det heile får lov å kike fram då.
Det får ho ikkje i dag.
Ute leikar vinden om novene. Ikkje nokon
storm her inne i ein bortgøymd fjord, men nok til at gjengløymt lauv losnar frå
greinene og flyg i vindrossene.
Og så er det regn i lufta. Det har vore
litt i mesta laget av det denne hausten.
Du får ta det som kjem og ikkje syte,
trøystar mi kjære. Som om det er noko trøyst for ein som ynskjer sol og varme
for sin frosne kropp.
Vel, ein skal ikkje berre klage heller,
for fram til no har det vore ein mild haust. Snø har vi enno ikkje sett her
nede ved fjorden. Til sorg for dei som gjerne vil ha ski på føtene, men til glede
for ein som ikkje akkurat ser fram til snømåking og kulde.
Men no kan den vere ventande seier dei som
spår veret. Til neste helg kan det ha kome kvit nedbør.
Sola ja. Ho var framme så vidt i går,
mellom jagande skyer. Men dei minkar fort soltimane hennar i dagane framover.
10. desember vert ho borte bak toppen av Sandhornet på andre sida av
Voldsfjorden, og då kjem ho ikkje att før vi skriv 2012.
Kva fyller denne karen dagane med då, utan
om å vente på neste solglytt, og lese litt spansk?
Ja, det undrar eg meg over kvar kveld når
eg kryp under dyna.
Har du gjort noko vetugt i dag då?
Vart det berre TV og data?
Som oftast må eg tilstå at det vart det
heller smått med det andre.
Litt vert det då. Når eg får puffe
meg i siget. Men når sant skal seiast, så er det vel heller mi kjære som må skubbe meg igang. Ho er vand at skal
noko verte gjort her i garden, så må ho vere med. Berre synd ho er så alt for snill mot karen ho gifte seg med.
Det er i grunnen litt rart dette. Dagane
går utruleg fort, sjølv om det syne heller lite att av dagens dont.
Ein kan vel ikkje nekte for at ein har det
sytalaust og godt som pensjonist, sjølv om innkoma i form av ”cash” ikkje er på same nivå som den var i mitt
yrkesaktive liv.
Men set ein tæring etter næring, så går
det også rimeleg bra.
Og då får eg og mi kjære pusle oss gjennom
dagane på vår måte. Eg er iallfall takksam for at ho har helde ut med denne
karen i 46 år, og vonleg held ut i nokre år til.
Og om ein månad har sola snudd. Då går det
mot lysare dagar igjen.
Men først ventar vi på eit nytt barnebarn.
Ei lita jente har vi frett. Det vert stas.
søndag 20. november 2011
Guds namn(6) Guds synlege Eg
Guds namn på altertavla i Seljord kyrkje. Denne gongen med volkalteikn, så her står det Jehova, Og Moses og Aron er og med. |
Kan eg sjå Gud anna gjennom Hans gjerningar?
For Moses var Gud ei røyst ut av ein brennande busk i øydemarka,
men for Moses og noko meir. For så langt eg kan lese, så er Moses den einaste
som har sett Gud åsyn til åsyn.
Elia fekk og sjå Han, men berre attanfrå. Ikkje andlet til
andlet.
Jesus reknar eg ikkje med då han var – og er - eit
særtilfelle.
For Israelsfolkt var Gud ein som ikkje let seg sjå, uten at
dei måtte døy, men som likevel hadde
sitt sete på jord i ei lita gullkledd kiste i tabernakelet og seinare i tempelet.
På Jesus si tid var kista borte, og då den heidne herskaren
tvinga seg inn i romet for å sjå den jødiske guden sitt bilete, fann han eit
tomt rom.
Han som heiter EG ER, let seg ikkje sjå.
Men så stig han fram, han som er Guds bilete mellom oss.
Han som sa om seg sjølv at ” Eg er Han.”
I same ordskiftet med
dei skriftlærde sa han: Når de får lyft Menneskesonen opp skal de skjøna at EG
ER.
Det står ingen stad at Gud synte seg for Jesus, men trong
Han det når Gud og Jesus var eit, som Jesus sjølv ordla seg: ”Eg er i Far og
Far i meg.”
”Den som ser meg, ser han som sende meg.
Som lys er eg komen til verda, så ingen som trur på meg,
skal verte verande i mørkret.
Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som sende
meg.”
Og før sitt siste måltid med sine vener seier han:
”Eg seier det til
dykk no, før det hender, slik at de, når det hender, skal tru at EG ER,” – At Jesus er beraren av dette Guds namn.
Når det hender:
Eg står på andre sida av dette som skulle hende.
At Jesus vart lyft opp tre gonger. På krossen, ut av grava
og så attende til det uskapte lyset der Guds bustad er.
Det hende for også eg skal tru at Han som kom, Han som
Johannes kallar Ordet, Jesus, er eit med Gud. At Han er Guds synlege bilete på
jord.
Kvifor det måtte hende slik, det er langt utanfor mi forståing. Eg
kan teologien om det, men eg må nok erkjenne at Guds tankar er langt høgre,
og djupare, enn eg nokon gong klarer å
kome i mi enkle tankeverd.
Og takk for det. Eg treng ikkje å forstå, for meg er det nok å ta imot - og å tru Ordet.
I dag er det siste søndagen i dette kyrkjeåret. Den søndagen
då tekstene talar om ein siste dag då vi alle igjen skal sjå han, åsyn til
åsyn.
Ein dag då Gud nyskaper himmel og jord, og vi skal stå fram
for han med heile vårt liv på godt og vondt.
Og denne veka med tankar omkring Guds namn, utløyst av ei gudsteneste
der preiketeksta var hendinga ved den brennande busken, har og nått sin ende.
lørdag 19. november 2011
Guds namn (5) Eg, i Gud?
Guds namn på altertavla i Slidredomen, Valdres |
Å leve i Gud har eg
lært er eit ord for å høyre Gud til gjennom tru på Guds frelse ved Jesus
Kristus. Og for meg er det ein konkret realitet.
Men kan det og ha eit anna innhald?
Eit innhald knytt til Guds namn?
Gjennom fleire års undring over Guds ord og
Guds vesen, er eg kome til det.
Eg har fått ei tru på at Gud er så uendeleg
mykje, mykje, meir enn eg nokon gong vil vere i stand til å forstille meg.
Eg tenkjer meg at om eg sette meg i ein liten seglbåt ute på
yste øyane, kasta loss og segla mot vest. Heile tida mot vest utan å nokon gong
å gå i land. Då ville eg eingong, år
fram i tida, kome attende til stranda der eg eingong segla ut ifrå. (Eller for
den del, gjer ei reise til yste grensene av himmelromet og attende.) Gud er alltid
endå større.
Og, det er det sentrale i mine tankar, at heile seglasen har
vore innanfor Gud.
Desse tankane har eg grunna gjennom orda i Salme 139 der salmisten prøver å røme frå Gud utan å
lukkast. Kvar han enn søkjer tilflukt, så er Gud der og. ” Bakfrå og framanfrå omgjev du
meg – Det er eit under eg ikkje skjønar, det er så høgt at eg ikkje kan fatte
det.”
Det er vel litt av dette Paulus er inne på i si tale til dei
atenske menn på Areopagos , der han
seier at Gud viser kven han er gjennom sine synlege gjerningar, han som alltid
ER.
Og så utvida Paulus dette Guds namn til noko som er meir enn
eit avgrensa EG ER i tida sitt no.
For Paulus plassera også meg innanfor dette EG ER, innanfor
Gud.
Gud er ikkje lenger noko utanfor meg som eg kan stille meg
som tilskodar til.
Eg vert innlemma i dette Guds ER med heile meg, når han seier at Gud ikkje ein Gud langt
borte for nokon av oss.
Og legg til: For i Han, i den Gud som heiter EG ER, er det vi lever, rører oss og er til i.
Korleis kan eg då meine at Gud er meg likegyldig. At Han er ein Gud
som eg kan stille meg på tilskodarplass til.
Somme vil nok sei at dette er panteisme. Men det ser eg
ikkje, for panteismen seier at alt er gudar.
Men det Paulus seier er ikkje at alt er gudar, men at alt er i
Gud. Og då vert Gud uendeleg stor, utan grenser. Han vert den som fyller alt i
alle, som det heiter i ein song. Og det betyr og at eg, med heile mitt liv, er i Gud.
Og eg spør meg sjølv: Vert det då noko grense for kva Gud
er, gjennom Hans namn EG ER? Er ikkje det i tilfelle eg som set dei grensene for Gud?
fredag 18. november 2011
Guds namn (4) Alfa og Omega
Guds namn frå taket av Tresfjord kyrkje |
Eg kjenner meg bunden av tida.
”Gårsdagen er forbi, morgondagen kjenner ein ikkje, men
dagen i dag er NO”, heiter det i ei ordspel, ( - eller kanskje var det noko som
liknar?)
Det er dette eg kjenner meg bunden av, for gårsdagen er det
ikkje meir att av enn minna om det som var, og det kan eg ikkje gjere noko med.
Eg kan ikkje endre på gjerningar eg gjorde, eller let vere å gjere. Heller
ikkje kan eg endre på ord som vart sagt, eller som eg ikkje sa.
Gårsdagen står der sementert og bolta fast.
Sjølvsagt kan eg i dag, i denne augneblinken då det heiter
NO, prøve å rette opp mine mistak. Men om eg klarer det, vil gjerningane frå
gårsdagen likevel stå der i si eiga kraft.
Og morgondagen veit eg lite om. Eg kan ynskje, tenke,
drøyme om kva den skal bringe. Men kva den gir, veit eg berre når også den har
vorte gårsdag.
Eg er bunden av tida sitt NO.
Guds namn ”EG ER” fortel meg at Gud ikkje er bunden av tida
sine lekkjer, for i Guds æve er det alltid NO.
I Openberringsboka seier Gud:
Eg er Alfa og
Omega, han som er og som var og som
kjem, Den Allmektige.
Alfa og Omega er den første og siste bokstaven i det greske
alfabetet. Gud er altså både byrjinga og slutten. Han som var og som kjem. Gud
kjenner inga grense. Heller ikkje tida si grense.
Men der stod noko meir; han som er. Midtbokstaven som skulle
symbolisere NO, manglar.
Her ville ein jødisk skriftlærd for å synleggjere at Gud
både var, er og kjem, nytta tre bokstavar frå det hebraiske alfabetet: Den første,
den i midten og den siste bokstaven i sitt alfabet. Alef, mem og tav. Den
første, den i midten og den siste. Han som var, er og kjem,
Men samstundes er desse tre bokstavane, grunnbokstavane i
ordet ”emet” som tyder sanning.
Gjennom sitt namn, -- der Gud lovar å halde det han har
lova, -- viser Gud at Han også er ei personifisering av sanninga med stor S.,
Han er den Allmektige.
Var det ikkje det synlege biletet av EG ER på jord, Jesus,
som sa: EG ER vegen, sanninga og livet.
Han er ein Gud som eg kan legge all min tillit, heile mitt
liv i hendene på.
For meg smeltar desse orda frå Gud; Eg
skal vise meg å være kva eg skal vise meg å være - saman med Eg er Alfa og Omega, han som er
og som var og som kjem, Den Allmektige, i det namnet som Moses fekk høyre; Eg
er den eg er, til eit rikt og innhaldsmetta bilete av kven Gud er.
torsdag 17. november 2011
Guds namn (3) Gud er i sine gjerningar
Guds namn på altertavla i Giske kyrkje |
Eg visste dei hadde fått si eige norske omsetting, og den ville eg gjerne kjøpe. Og ein gong dei kom, hadde dei med eit eksemplar til meg, Gratis. Betale den fekk eg ikkje lov til.
Eg nyttar den ofte for å sjå korleis dei har omsett Ordet, kontra min eigen nynorske Bibel.
Her i 2.Mosebok, 3,14 omset dei dette Guds namn, med nokre fleire ord enn som normalt er. JEG SKAL VISE MEG Å VÆRE HVA JEG SKAL VISE MEG Å VÆRE.
Eg skreiv sist at Guds namn ”EG ER” for meg er ein beskrivelse av kven Gud er, meir enn eit eigennamn.
Gjennom Jehovas Vitner si tolking av namnet gjennom: EG SKAL VISE MEG Å VÆRE KVA EG SKAL VISE MEG Å VÆRE vert Guds namn for meg synleg gjennom dei gjerningar Gud gjer.
Gjennom det EG ER -- VISER SEG Å VÆRE.
Og er det ikkje det Bibelen fortel om frå første til siste ord korleis Gud er synleg gjennom sine gjerningar.
Den eine tolkinga kan vere like sann som den andre, for JHVH kan tolkast med begge løysingane.
Og eg tykkjer dei utfylle kvarandre i mi forståing av kven Gud er.
Det er noko tidlaust over Guds namn, for i tillegg til å fortelje noko om Gud, -- som er ein Gud som handlar, -- så fortel det også om ein Gud som alltid er .
Der er aldri - eit var - eller noko som enno ikkje er -- i Gud, -- for i Gud er det alltid eit no.
Også i det som var og i det som kjem,--- like mykje som i dette no som vi er i.
Alltid nyskapande.
Og slik Gud seier gjennom Moses til sitt folk Israel: Eg vil vere med deg, alltid. Gud er aldri fråverande, aldri borte.
onsdag 16. november 2011
Guds namn (2). Og namnet er, Gud?
Mynt 1 mark, frå Kongsberg,1644 Tekst: "Rettferdig domar + Guds namn; JHVH" |
Det ringde på døra. Utanfor stod eit par menn frå Jehovas
Vitner.
Om eg hadde tid til ein liten prat?
Den dagen enda vi opp i ei samtale om Guds namn, og om å
halde det heilagt.
Dei hevda at ein alltid skal nytte ”Jehova” når
ein tiltalar Gud, og ikkje ”Gud” som eg gjer.
Vi vart ikkje samde innan eg fekk eit par nummer av
Vakttårnet og dei forlet meg. Sidan har dei ikkje vore her så ofte. Dei har vel
gitt meg opp.
Undrande stod Moses berrføtt framfor ein brennande busk, og høyrde ei røyst som bad han om å vende attende til Egypt for å føre si slekt, hebrearane, ut av landet som hadde vore deira heim i 400 år.
Kven er du som ber meg om dette? spurde han
Eg er dine fedre sin Gud,
Abraham, Isak og Jakobs Gud, var
svaret han fekk.
Men kven var det?
Egypt sine gudar kjende han, visste kva dei ulike heitte, og
her i øydemarka hadde han lært å kjenne namna på midjanittane sine gudar.
Kva er namnet ditt?
Kva skal eg svare brørne mine når dei spør kven det er som
har sendt meg?
Og røysta svarer han:
EG ER DEN EG ER. ,
EG ER, det er namnet mitt til evig tid. Dette namnet skal de
kalle meg med frå slekt til slekt.
Det skal du svara
dei. EG ER har sendt meg.
Gå no!
Så sloknar logane i busken, og røysta tagnar.
Moses stig ned i sandalane sine igjen og går, truleg noko
forvirra og uroleg derifrå.
EG ER.
Er det eit namn?
Er det ikkje meir ein beskrivelse av ein tilstand?
Likevel seier Gud at det skal vere Hans namn til evig tid.
Og kanskje, når vi tenkjer etter, så er denne beskrivelsen
av ein tilstand, det beste namnet som Gud kan ha.
EG ER.
Det er noko tidlaust over dette namnet som Gud seier skal
vere Hans namn til evig tid.
Uansett til kva tidsepoke mennesket er i, så har Gud alltid
vore der med sitt EG ER.
Ikkje som ei myte i fjern fortid, eller som noko der framme
som eg skaper i mitt eige bilde. Men den Gud som er akkurat NO, og som seier
til meg;
- EG ER no, slik eg alltid har vore og alltid vil vere.
Alltid no, og heilt uavhengig av dine tankar om meg menneske.
For EG ER din skapar, livgjevar og oppretthaldar. -
Kan eg då anna enn bøye meg i undring og tilbeding for Han som ER?
- EG ER no, slik eg alltid har vore og alltid vil vere.
Alltid no, og heilt uavhengig av dine tankar om meg menneske.
For EG ER din skapar, livgjevar og oppretthaldar. -
Kan eg då anna enn bøye meg i undring og tilbeding for Han som ER?
tirsdag 15. november 2011
Guds namn.(1) Gud i den brennande busken
Prinsen av Egypt, Moses, hadde, etter å ha myrda ein
egyptar, rømt aust til øydemarka i midjanittane sitt land.. Her vart prinsen
gjetar for sin svigerfar Re´uel sine dyr.
Ein dag, ute i øydemarka, får han sjå eit underleg syn. Ein
busk står i logar, men den brenn ikkje ned og sloknar. Logane er der heile tida
like sterke og klåre. Undrande går han bort til, og då kjem det ei røyst mot
han ut av logane.”Moses, ta av deg skorne for du står på heilag grunn.”
I motsetnad til mange i vår tid, som anten avskriv Gud som
ei gamal myte, eller som skaper seg ein gud i sitt eige bilete, så er eg
bergteken av den Gud som stig fram frå Bibelen sine skrifter. Han facsinerar
meg. Og då er det Gud slik vår kristne tru teiknar han, eg tenkjer på. Den Gud
som er tre i ein, og ein i tre, Faderen, Sonen og Den Heilage Anden.
Jau, han hadde vore der før og, i Abraham, Isak og Jakobs tid, men Jakob si ætt hadde no vore 400 år i Egypt, og mellom Egypts gudar. Kor mykje var då att i minnet deira om ættefedrene sin Gud? Det teier Bibelen om, men heilt gløymd kunne han ikkje ha vore.
For på Moses sitt undrande spørsmål om kven som talar frå logane, er det med Moses sin far og ættefedrene sine namn Han presenterar seg: ”Eg er din fars Gud, og Abraham, Isak og Jakobs Gud.”
Moses står i ein trussamanhang. Gud er ikkje berre fortid for 400 år sidan, men han er og faren sin Gud, og med det og Moses sin Gud.
Eg kjenner at det er Gud for meg og.
Eg er og ein lekk i ei lang, lang rekke. Som byrja for 1000år sidan, ja kanskje endå lenger attende, sidan vi ikkje veit når folket her vest tok imot kristentrua. Men frå den dagen mine forfedre tok imot trua og let seg døype til Kvitekrist, har Gud vore mine fedre sin Gud. Slik Han og var mine foreldre sin Gud, og gjennom det og vart min Gud.
lørdag 12. november 2011
Skyer
Skyene over oss har vore spanande å sjå på siste dagane. Det har ikkje vore det vanlege grå teppet, men dei har synt seg i mange ulike former.
Slik og sist mandag.
Kl.15.30 var sola borte bak åsen i sør, og på den seine ettermiddags-himmelen skapte skyene seg om i stendig nye mønster.
Over åsen var der eit lysa felt, og der byrja det å syne seg eit lyseraudt strek austover.
Sæl er du pilegrim, om du manglar ord til å takke for alle dei gåvene som vegen byd bak kvar sving.
torsdag 10. november 2011
Bienaventurado eres, peregrino
Sæl er du, pilegrim, når du får sjå at vegen opnar augo
dine for det du ikkje kan sjå.
Sæl
er du pilegrim, når du ikkje er så mykje oppteken av å nå fram, som det å nå fram saman med andre.Sæl er du, pilegrim, når du ser at vegen er full av namn og daggry.
Sæl er du, pilegrim, når du ser at vegen byrjar der den endar.
Sæl er du, pilegrim, når ryggsekken din held seg tom av ting, og hjartet ditt ikkje veit kvar det skal henge alle kjenslene.
Sæl er du, pilegrim, når du skjønar at eit steg attende for å hjelpe einkvan, er meir verdt enn tusen steg framover utan å sjå seg til sides.
Sæl er du pilegrim, om du manglar ord til å takke for alle dei gåvene som vegen byd bak kvar sving.
Sæl er du, pilegrim, dersom du søkjer sanninga og fyller vegen din med levd liv, og livet ditt får vere ein veg i leiting etter han som er Vegen, Sanninga og Livet.
Sæl er du, pilegrim, dersom du på din veg får møte deg sjølv og ikkje gløymer å ta vare på ditt hjarte.
Sæl er du, pilegrim, når du oppdagar at vegen handlar om å vere i stilla, og stilla om å vere i bøn, .og bøna om å møte Far som alltid ventar på deg.
* * * *
Bienaventurado er spansk og tyder - heldig eller lukkeleg - eller ordet som min nynorske Bibel let Jesus opne si bergpreike med, i Matteus kap.5: sæle.
Eg fann denne sæleprisinga på verdsveven, og tykte den gav vandraren i meg mange tankar som det var verdt å ta med seg vidare på "vegen".
Så då har eg prøvt å gjere ei omsetting frå spansk til mitt eige mål.
Og for dei som har lyst å sjå om omsettinga mi samsvarar med den spanske originalen, så fylgjer den her:
Bienaventurada eres, peregrina, si descubres que el camino te abre los ojos a lo que no se ve.
Bienaventurado eres, peregrino, si lo que más te preocupa no es llegar, sino llegar con los otros.
Bienaventurada eres, peregrina, cuando contemplas el camino y lo descubres lleno de nombres y de amaneceres.
Bienaventurado eres, peregrino, porque has descubierto que el camino comienza cuando se acaba.
Bienaventurada eres, peregrina, si tu mochila se va vaciando de cosas y tu corazón no sabe donde colgar tantas emociones.
Bienaventurado eres, peregrino, si descubres que un paso atrás para ayudar a otro vale mas que cien hacia adelante sin mirar a tu lado.
Bienaventurada eres, peregrina, cuando te faltan palabras para agradecer todo lo que te sorprende en cada recodo del camino.
Bienaventurado eres, peregrino, si buscas la verdad y haces de tu camino una vida y de tu vida un camino, en busca de quien es el Camino, la Verdad y la Vida.
Bienaventurada eres, peregrina, si en el camino te encuentras contigo mismo y te regalas un tiempo sin prisas para no descuidar la imagen de tu corazón.
Bienaventurado eres, peregrino, si descubres que el camino tiene mucho de silencio; y el silencio, de oración; y la oración, de encuentro con el Padre que te espera
onsdag 9. november 2011
Tur til Bjørke
I fjor vart eg beden om å take opp temaet "Pilegrim" på ein mannskveld på Kjeldsund leirsenter. Eg laga då ein biletserie frå vår vandring mot Santiago de Compostela, og la i tillegg inn ein del pilegrimssoge og nokre pilegrimstekster.
I haust vart Torbjørg og eg utfordra av "Formiddagstreffet" her i bygda til fortelje frå våre vandringar. Det vart til at Torbjørg hadde eit lite kåseri om vandringa, og eg synte ei revidert og forkorta utgåve av mitt bidrag på Kjeldsund.
Det enda med at vi vart bedne om å gjer det same på Sæbø og Bjørke sine treff. Og min biletserie har kvar gong fått ei ny og revidert utgåve.
Og i dag gjekk turen til Bjørke. Bodil og diakon Knut var og med på turen.
Grunna raset inne i Austefjorden, vart vegen noko lenger til Bjørke enn vanleg er, då vi måtte ta ferge over fjorden og køyre sørsida innover til Fyrde.
Men vi hadde god tid og kunne nyte turen i det vakre været.
I haust vart Torbjørg og eg utfordra av "Formiddagstreffet" her i bygda til fortelje frå våre vandringar. Det vart til at Torbjørg hadde eit lite kåseri om vandringa, og eg synte ei revidert og forkorta utgåve av mitt bidrag på Kjeldsund.
Det enda med at vi vart bedne om å gjer det same på Sæbø og Bjørke sine treff. Og min biletserie har kvar gong fått ei ny og revidert utgåve.
Og i dag gjekk turen til Bjørke. Bodil og diakon Knut var og med på turen.
Grunna raset inne i Austefjorden, vart vegen noko lenger til Bjørke enn vanleg er, då vi måtte ta ferge over fjorden og køyre sørsida innover til Fyrde.
Men vi hadde god tid og kunne nyte turen i det vakre været.
Bjørkevika med Kammen og Nessethornet ute i fjorden. |
Det var mange samla på bedehuset til kaffimat og pilegrimsvandring denne tidlege ettermiddagen, og vi fekk ei triveleg stund der. Utanfor bedehuset låg Bjørkevika blank og still. Sola var borte bak dei høge fjella der inne i fjorden, men lenger ute skein sola på fjella og skodda som var i ferd med å legge seg mellom fjella.
På veg heim låg dalen i skuggelandet, men lenger vest lyste Langvasshornet enno i sollyset, og Saurevatnet spegla gardane med bøar og hus, og bratte fjell, i det stavstille vatnet.
Saurevatnet, med Langvasshornet lengst bak
|
søndag 6. november 2011
November
Endå ei veke har vorte lagt i minna si bok.
Ei mild veke har det vore der gradstokken har vist opp mot 17 grader pluss. I solveggen endå høgre.
Ei veke som opna med sol og blå himmel , men i slutten av veka skya det på og kom med regn igjen.
Men mildt har det vore heile veka.
Og med så lune kveldar at ein skulle tru det var midtsommars.
Desverre har det vore ei veke med sjukdom hjå ungfolket, og då har det vore bra for dei å finne eit par besten / besta i huset.
Særleg besta har vore god å ha, men han har no vore litt god å ha besten og.
Og idag skal det avgjerast kven som vert cupmeister i fotball, om det vert dei raudkledde, eller dei oransje og blå.
Det betyr vel igrunnen ikkje så mykje for meg.
---men eg vonar vel litt på dei siste. Litt lokalpatriot må eg vel gi meg lov til å vere.
Ei mild veke har det vore der gradstokken har vist opp mot 17 grader pluss. I solveggen endå høgre.
Ei veke som opna med sol og blå himmel , men i slutten av veka skya det på og kom med regn igjen.
Men mildt har det vore heile veka.
Og med så lune kveldar at ein skulle tru det var midtsommars.
Desverre har det vore ei veke med sjukdom hjå ungfolket, og då har det vore bra for dei å finne eit par besten / besta i huset.
Særleg besta har vore god å ha, men han har no vore litt god å ha besten og.
Les då, besta (i den kunsten er ho vesentleg betre enn besten) |
Det betyr vel igrunnen ikkje så mykje for meg.
---men eg vonar vel litt på dei siste. Litt lokalpatriot må eg vel gi meg lov til å vere.
Abonner på:
Innlegg (Atom)