fredag 30. september 2011

Haustkveld ved fjorden

Ein varm haustdag glei over i ein mørk kveld. Framleis lun med vel 20 grader.
Eg har forlete den lyse stova og sit i godstolen min på uteplassen vår.
Framfor meg, nær nok til at lyset innanfrå når dei, heng eit par blomar og svingar seg sakte i den svake vinden frå aust.
Trass i det svake lyset innanfrå, lyser dei grøne greinene og dei kvite og raude blomane mot den mørke kveldshimmelen.

Eit glas te varmar hendene mine, og når eg lyfter det til leppene, kan eg nyte smaken og varmen av den lysbrune væska.

Kvelden er still og fredfull. Berre kvar gong ein bil raser forbi på vegen ved fjorden, vert freden uro for eit bel. Så stilnar det att.
Men i stilla er der og gode lydar.
Eit klokkespel litt bortom meg svingar seg sakte i den svake vinden, og når vinddraget aukar litt, sender klokkene sine spede tonar ut i kveldsmørkret.

Ingen stjerner lyser opp himmelen i kveld. Skyene har lagt sitt lok over bygda. Men fjorden ligg der still, og lysa frå heimane i bygda der borte under fjellet, får teikne sine lysstrimer i den stille fjorden.
Ein liten båt hastar inn og bryt lysstrimene. Kjølvatnet spreier si vifte ut etter den. Men snart er bylgjene viska bort, og fjorden ligg der still som før.


Eit lite fivreld flagrar forbi i lyset innanfrå, der eg sit med mine tankar i den lune kvelden og eit snart tomt glas med te.
Ein god kveld går mot sin ende.
Døra skal stengast, og lysa sløkkjast.
Snart ventar natta si kvile.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar