onsdag 21. september 2011

Vestlendingen

Som eit lite haleheng til mine ord om at det er her i det våte vest eg høyrer heime, fann eg nokre strofer på ein annan blogg.
Kvinna bak bloggen kunne ikkje fortelje kven som var opphavet til versa. Og då kan ikkje eg det heller.
Men eg tykte dei var morosame, og dei tok oss vestlendingar litt på kornet.
Så då, kos deg med desse versa, eller syng dei med melodien til: Å, vestland, vestland.
Bileta har eg henta frå verdsveven. då eg sjølv har heller få bileta med regn.
God fornøyelse.


Vestlendingen

Å, Vestland, Vestland, med din våte hatt!
Her regnar, dryper, pøser dag og natt.
Og skodda heng så vakker og så tjukk,
og vestavinden dreg sitt våte sukk.

Eit fuktig ver er livets største lyst,
då plaskar hjarta i mitt fiskebryst.
Eg likar best å vera gjennomblaut,
og difor er eg vorten saftig staut.


Men kona surnar, ungane får sopp,
og bilen rustar, huset rotnar opp,
og sjela mugnar - alt er grått og trist -
eg er den fødde super-pessimist.

Men hender det at sol bryt gjennom sky,
då spring eg inn og søkjer livd og ly.
Eg skrur på dusjen, - å du sæle sprut!
Du er mi trøyst når allting turkar ut!


Ein sjeldan gong eg ut i verdi dreg
til sydens land, der soli steikjer meg.
Då turkar eg så eg blir nesten sprø
- mi berging er den salte, våte sjø.

Eg elskar lågtrykk, - la dei stå i kø
og spreia herleg fukt der vi skal trø.
Den gilde lyd av regn på paraply,
den gjer meg lukkeleg og rein og ny.


Å våte Vestland, kor du er meg kjær!
Du fuktar håret, væter mine tær.
Så sælt når søla sutlar rundt min sko
og regnet driv som byger i mitt blod!

Når eg ein gong må dra frå denne jord,
mi grav eg ynskjer djupt i Sognefjord.
Eg vonar at det finst eit paradis
med evig regn og evig vestleg bris!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar