torsdag 15. september 2011

Hurtigrutedrama

På forsommaren sat eg og fylgde med på deler av den over fleire døgn lange fjernsynssendinga om hurtigruta "NordNorge" si ferd frå Bergen til Kirkenes.
Det var ei festferd utan pausar langs vår vakre kyst.
Frå dei djupe og trange fjordar til dei yste øyar og skjer..


I dag vart eit systerskip av "NordNorge", "Nordlys" råka av brann i maskinromet, på si ferd mot nord.
Til all lukke hende det rett ved kai i Ålesund, og ikkje langt unna all naudhjelp.
Alle dei vel 200 passasjerane fekk seg ei oppleving dei nok helst ville vore utan, men dei kom trygt i land.
Diverre miste to av mannskapet livet i brannen.


Etter å ha evakuert passasjerar fekk dei taua båten til kai for å starte sløkkingsarbeidet.
Då brannen i maskina var sløkt, synte det seg at skuta byrja å få slagside. Den auka etter som timane gjekk, trass i iherdig pumping. Det kom altså meir vatn inn enn det dei greidde å pumpe ut.
Spørsmålet vart etter kvart: Kor stor slagside toler skipet før det tippar rundt og går ned?
I morgontimane andre dag etter havariet var slagsida nær 22grader.
Men så snudde lukka. Dei greidde å bremse flyten av vatn inn, og dei fekk betre kapasitet på pumpene. Og båten byrja å rette seg opp att. Ut på ettermiddagen var slagsida minka til 17grader.


I skrivande stund ser det ut for at hurtigrutedramaet i Ålesund kan få ein lukkeleg ende.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar