lørdag 17. september 2011

Når eg ser ...

Ein fager, om enn noko kjøleg haustmorgon.
Når dei første solstrålane renn innover uteplassen framfor stova, leitar eg fram godstolen, legg puta på plass, og set eg meg ned for å nyte den sollyse morgonen.

Vi var samla for første gong denne hausten i går kveld, bibelgruppa vi er med i. Tankane sviv litt omkring samtalen vi hadde. Det var den miskunsame samaritanaren som var i fokus for den.
Slik skal du vere, sa Jesus til den lovkunninge, Gjer du det så skal du leve.
Han var ofte så kompromisslaus i sine ord, Jesus - tykkjer eg.
Der klarer ikkje eg å vere med mitt liv. Eg vik nok svært ofte undan og vel løysingar som kostar meg mindre.

Som så ofte før når eg sit utanfor døra med kaffikoppen i handa, vandrar mine auge mot fjellranda i aust.
Ho teiknar seg så skarp mot den lyse himmelen over, denne morgonen.
Då dukkar det opp nokre ord frå Den heilage boka.
"Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingarar, månen og stjernene som du har sett der, kva er då eit menneske, sidan du kjem det i hug, eit mennneskebarn sidan du tek deg av det."
Og " mine tankar er ikkje dykkar tankar, og dykkar vegar er ikkje mine vegar, seier Herren. Nei, så høg som himmelen er over jorda, er mine vegar høgre enn dykkar vegar, og mine tankar høgre enn dykkar tankar."



Og medan sola stig på himmel, og varmen stig på terassen og kaffikoppen er lenge sidan tom, vender mine tankar seg frå kontrasten mellom Jesus sine ord og mi etterfylgjing av dei, til tankar i undring over Guds vesen og Guds handlingar mellom oss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar