søndag 11. september 2011

Livstidsfangen

Vi tok oss ein søndagstur etter gudstenesta idag, mi kjære og eg.
Det var Bakketunet inne på Bjørke som lokka med måleri av Sigmund Aarset.
Og dei fall i smak. Særleg dei fargesterke blomebileta.

Der er komen eit veghol mellom Bjørke og Leira, til avløysing av ein steinsprangutsett vegstubbe forbi Kalneset.
Sist vi var der inne i fjorden, var ikkje vegholet opna enno. Og då måtte vi idag sjølvsagt ta ei (for oss) førstegongskøyring.

Då vegvesenest starta opp arbeidet med vegholet, fann dei i berget ei godt gøymd jettegryte.
Det vart gjort vedtak om å flytte vegholet nokre meter, så gryta fekk ligge der i fred, slik ho hadde lege urørd sidan istida for minst 12000 år sidan.
Og sidan vi var på dei kantar, vart det til at vi tok ein pause frå bilkøyringa for å bisne på det store bergholet som stein og vatten hadde skapt langt attende i tida.


Gryta er 6-8 meter breid og omlag det same på det djupaste, og med glattslipte sider.
Idag var der ein del vatten i botnen på gryta.

Og som alltid så er det mi kjære som har syn for dei små detaljane. Ho ser ofte noko som eg ikkje hadde lagt merke til. Slik og idag.
Nede på ei nase som stikk litt fram frå veggen. Heilt nede ved vatnet ser ho eit lite levande vesen.
Brukar ein augene godt kan ein sjå det på biletet av jettegryta, men då må ein sjå ekstra godt etter. Så lite er det, og med mest same farge som berget.


Ein liten grolappe klorar seg fast på berget der nede, og såg, sikkert med lengt,
oppover mot kanten der vi stod og såg ned.
Men stakkaren var fange i eit fengsel han ikkje hadde sjangse til å kome seg ut av.
Han var ein arme livstidsfange i sitt fangehol.
Tre meter opp etter blanke bergveggen, er nok i meste laget for ein liten kropp som hans. Sjølv om han kan vere flink til å hoppe.
Han er nok dømd til eit opphald i gryta til døden hentar han. Om ikkje paddeberarane frå Fyrde, eller nokre andre, skulle kome han til hjelp med stigar og grolappehov.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar