fredag 15. juli 2011

Våt vandring

Biletet er lånt frå nettsida: www.hedalen.no Der er og fleire andre bilete.

Det er alt to veker sidan.
Mi kjære og eg hadde meldt oss på året si pilegrimsvandring frå gjennom Valdres. Frå Hedal stavkyrkje til St. Thomas kyrkja på Filefjell.
Vel, så langt skulle ikkje vi gå.
Vi gjekk dei fire siste dagane frå Fossheim til Filefjell for to år sidan, og no skulle vi gå dei fire første dagane av pilegrimsvandringa. Frå Hedalen til Fossheim.

Pilegrimane samlast på Ildjarntunet i Hedalen fredag 1.juli. Der fekk vi først ein god middag før vandringsleiar og pilegrimsprest presenterte seg og informerte om vandringa. Vi hadde og ei runde der alle pilegrimane fortalde kven dei var.
I alt var vi 29 stykke, 20 kvinner og 9 menn.
Seinare på kvelden vitja vi stavkyrkja som er startpunktet for vandringa.


Neste morgon tok vandringa til med utsendingsgudsteneste i stavkyrkja. Det var pilegrimspresten, prosten i Valdres, Anne Hilde Øigarden som stod for den.
Etter det obligatoriske gruppebiletet, var det å ta føtene fatt opp første bratte kneika, Boteljebakken. Og no var det Jahn Børe Jahnsen som hadde føringa, viste veg og sette farta.

Dei første to vandringsdagane gjekk gjennom skogen, frå Hedalen til Begnadalen. På skogsstiar, over myrar og etter skogsvegar.
Vi starta med opphaldsvær og skodde ned i åsane. Men vi kom ikkje langt før skodda byrja å gi å seg noko vått, og då varde det heller ikkje lenge før både regnbukse og regncape kom på.
Og fotoapperatet eg hadde bore i handa, hamna i sekken under regncapen. Og der vart det liggande.

Vandringa vart annleis enn den første gongen eg gjekk gjennom Valdres. Då var det varmt og tørt vær, og eg gjekk i sandalar mest heile vegen. Sjølv over myrane.
Ikkje slik denne gongen. Vandringsskorne var snart våte både utanpå og inne i. Våte av vått gras og lyng langs stien, og av surklande myrar der eg sakk djupt ned i det våte for kvart steget.
Og regncapen som eg trudde skulle halde væta ute, var snart våtare inne i enn utanpå.

Så vart det ei nitrist oppleving då?
Nei, tvert imot.
Det vart ei oppleving eg ikkje ville vore utan.
Fellesskapen med de andre vandrarane.
Pilegrimspresten, Anne Hilde, sine ord som gav pilegrimen i meg næring og ettertanke.
Og leiaren, Jahn Børe, som gav vandraren i meg sitt. Valdres vert aldri meir berre eit dal eg køyrer igjennom, for han har fyllt dalen med levd liv gjennom sine glimt av små og store hendingar, og av personar som levde sitt liv her ned gjennom århundra.


Og det underlege er at trass i dei flotte og mektige kyrkjene og katedralane langs pilegrimvegen i syd, så er det dei gamle og enkle kyrkjene her heime som talar mest til mitt hjarte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar