søndag 17. juli 2011

Bakke ned og bakke opp

Det var godt å kome i hus på Reinli skule. Få av seg våte sko og lestar. Problemet var berre at eg hadde meg meg tre par lestar og eit par sko, og no var alt vått.
Eg hadde eit par sko til, men dei låg att i bilen på Fagernes.
Eg rigga til soveplassen min i vestibylen på skulen der vi skulle overnatte, og så hengde eg opp det våte best eg kunne, i vona om at det skulle tørke, i alle fall litt gjennom kvelden og natta.
Men dei hårfønarane som var medbrakt, var i aktivitet med å tørke våte sko heile kvelden.

Der er mange ulikskapar mellom å vandre i Spania og i Valdres.
Ein av dei er maten.
Eg har hatt mitt strev med pilegrimsmenyane der nede. Både det at porsjonane er for store for min mage, og at der vert for mykje, og for ofte, sur salat til forrett.
Nei då er middagane under pilegrimsvandringa i Valdres på eit heilt anna plan. Der er det variert god norsk mat med poteter til. Og ein får forsyne seg sjølv til ein er mett. Ikkje overmett som eg ofte er der nede. Eg er opplærd til å ete opp det eg har på tallerken, og ikkje setje att mat eg har fått servert - eller har forsynt meg med.


Reinli har to kyrkjer. Den gamle stavkyrkja, og eit nyare kapell.
Om kvelden var det pilegrimsmesse i stavkyrkja, og neste morgon var morgonsamlinga i kapellet.
Så byrja vandringa den tredje dagen med ein lang og bratt bakke opp på åsen. Vel oppe var det stort sett gjort med lange bakkar på ei stund. Litt opp og ned var det, men for det meste gjekk det nedover til vi var nede i dalbotnen ved Aurdalsfjorden.
Og det var ikkje mykje anna å gjer enn å gå, utan rastar til ein matbit, for det regna godt heile formiddagen.
Nede ved fjorden leitte leiarane opp ei skytebane, og der under tak på standplassen, kunne vi endeleg ta av regnkle og setje oss ned for å få i oss litt medbrakt niste.
Då letta regnet, og det kom ikkje meir av det den dagen.


Nede ved Sundvollen kryssa vi fjorden og byrja på bakkane opp lia til den gamle hovedstaden i Valdres, Aurdal. Det var her "øvrigheita" budde før Valdresbana kom, og Fagernes vaks fram.
No er det mest berre prosten att, men ho baud oss - hennar medvandrarar - inn til kaffi, hylleblomsaft og nysteikte sveler i stovene sine.


Fram til Leira gjekk vi på den gamle jarnvegslina, men først ringde kyrkjeklokkene oss inn i Aurdal kyrkje.


Der var det ein allsidig kyrkjetenar som fortalde om kyrkja, og spelte fele åt pilegrimane.


Vi sleit oss ikkje ut på bratte bakkar mot Leira. Det såg flatt ut, men det gjekk heile tida litt nedover mot Leira stasjon ved den andre fjorden austanfrå i Valdres, Strandefjorden.
Her på Leira var det Valdres Folkehøgskule som venta på pilegrimane med god mat og gode senger.

Den fjerde dagen var målet Fossheim mellom Strandefjorden og Slidrefjorden. Det var og målet for mi kjære og meg si vandring dette året.
Inne i den dagen låg den bratte oppstigninga frå Fagernes, opp på Fodnesåsen, så ned til Ulnes vestanfor åsen.
Men ei gamal kneskade hjå mi kjære hadde byrja å gjere seg gjeldande. Og for å ikkje belaste kneet hennar med den opp- og nedstigninga, valde vi å avslutte vår vandring på Fagernes.


Men vi gjekk stranda frå Leira til Fagernes. Med eit par stogg undervegs.
På Tingnes der Olav Digre kristna aurdalingane, møtte også NRK-lokal opp for å lage eit innslag om pilegrimane som gjekk gjennom Valdres, og då vart og mi kjære intervjua.


Så takka vi for fylgjet. Dei andre sette kursen opp bakkane mot Fodnesåsen.
Vi tok avskil med dei og med Jostein og Hans Enger. Sette oss i bilen for å køyre vidare opp dalen, over Filefjell og attende til Vestlandet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar