mandag 25. juli 2011

Uverkelege dagar

Vi var på familiebesøk denne helga, mi kjære og eg. I Romsdal.
Drog torsdag kveld, og såg fram til fredfyllte dagar saman med dotter, svigerson og borneborn.

Eg er er ein av dei som så sant det er råd, må ha med meg etappane i Tour de France.
Fredag over middag slo eg derfor på fjernsynet for å sjå utviklinga i løpet den dagen. Og syklistane, der ingen av nordmennene var med i teten, sleit og svetta seg opp ei bratt alpestigning.

Biletet er henta frå verdsveven.

Så ser eg at nyhendelinja nede på skjermen, melder om ein kraftig eksplosjon i Oslo sentrum. Eg slår over til nyhendekanalen og møter uverkelege bilete frå regjeringskvartalet.
Røyken driv mellom husa, knust glas og trevirke i gata,
brann og sjukebilar med blinkande lys,
skremde og blødande menneske,
bygningar med husfasadar der vindauga er tome hol der gardinene heng ut.

Eg har sett liknande bilete før, frå andre stadar i verda, men her, i Oslo, i vesle Norge?
Kven har utført det?
Er det Al Quida eller ei anna islamsk terrorgruppe?
Det vert ikkje meir Tour de France den dagen. I staden klistrar bileta frå Oslo meg til fjernsynsskjermen.

Ei ny setning dukkar opp nede på skjermen. Det er meldt om skyting på Utøya.
AUF sin leirstad.
Kva skjer?
Det er det politiet i Nordre Buskerud som tek seg av, seier politimannen i Oslo.
Meldingane frå Tyrifjorden byrjar å få urovekkande dimensjonar.
Så kjem polititalsmannen inn igjen og fortel at politiet si utrykkingsavdeling har reist til Ringerike.

Natta fell på med melding om 7 døde i Oslo og omlag 10 på Utøya, i tillegg til mange såra begge stadar.
Og at det ikkje var noko islamsk terrorgruppe som stod bak, men ein ung nordmann frå Oslo vestkant.

Laurdag morgon renn, og no er talet på døde på Utøya komne opp i over 80 unge. Henretta, skotne der dei livredde gøymde seg for ein iskald, bevepna ung mann.
Som tok unge liv for å gi si sak blest.
I over ein time fekk han halde på før han slepte ned våpena og overgav seg til politiet.
I over ein time skapte han ei fredeleg lita øy om til eit redsla sitt helvete.
I over ein time var det mørkret som rådde på den vesle øya.
Eg har vondt av dei unge som var heldige og berga seg frå valdsmannen sine kuler, men som gjennom resten av sitt liv må bære med seg minna frå denne redsla sin time.
Og eg kjenner medkjensle med dei som sit att i djup sorg over ei eller ein umissande kjær som så brått vart reven bort denne vonde dagen.

Helgabesøket vart annleis denne gongen. Prega som det vart av hendingane i Oslo og på Utøya.
Attende sit eg med mine svarlause spørsmål.
Kva får ein ung mann til å tenkje ut, og utføre, noko så meiningslaust og grusomt?
Alle har vi både mørke og lyse krefter i oss, å nekte det er å fornekte oss sjølve. Men kva får ein ung mann til å la dei mørke kreftene i seg ta så fullstendig makta?

Han meinte å berge det kristne Europa frå islam, skreiv han.
Men det er då milevidt ifrå sann kristentru å tenkje ut noko slikt, og endå lenger til å setje tankane om i handling.


Eg har nokre dagar i livet mitt som eg aldri gløymer. Dagar då det kom nyhende som vart opplevde som eit sjokk.
Denne helga vert ei av dei.
Men det nyttar ikkje å forbanne mørkret. Då er det betre å tende lys som kan sprengje det.
Det var det Jesus bad oss om å vere. Lysberarar inn i verda sitt mørke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar