tirsdag 19. juli 2011

Pilegrimspass


"Créanciale du pélerin" heitte det i Frankrike.
Når eg kom til Spania vart det "Credencial del peregrino".
Eg har fått tre av dei etter kvart. Pilegrimspassa.


Dei er tettstempla med merke frå overnattingsstadar og kyrkjer undervegs mot katedralen på stjernemarka, Santiago de Compostela.
Kanskje må eg ha eit til før eg er framme.


I Valdres fekk eg endå eit passhefte.
Eit "Kyrkjepass".
Eit lite hefte med eit foto og litt tekst til 34 av dei 35 kyrkjene og kapella i Valdres.



Og med plass til eit stempel under kvar kyrkje.
Ved kvar kyrkje er der ei stempelkasse med kyrkja sitt spesielle stempel i.

Vang kyrkje

Eg fall for ideen bak kyrkjepasset, og på heimferda frå Fagernes var mi kjære og eg innom kvar av kyrkjene oppover dalen, og fekk stempla våre kyrkjepass.
Diverre var dei fleste kyrkjene stengde, så eg fekk ikkje høve til å sjå innomdørene i dei.

Reinli stavkyrkje

Så av 35 kyrkjer i Valdres prosti har eg no vitja 19. Av dei er 5 eg ikkje har vore inne i.
I Søre Sunnmøre prosti er der 21 kyrkjer og eg har vitja alle, men det er på grunn av tenesta mi som prestevikar. Det er vel heller lite truleg eg hadde gjort det utan den. Kanskje hadde det ikkje vore så dumt med eit kyrkjepass i prostiet, eit lite hefte som kunne lokke oss til å vitje våre eigne kyrkjer.

Øye stavkyrkje

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar