lørdag 16. juli 2011

Ikkje så mykje sol

To dagar med vandring gjennom skogen.
Ja visst var det vått. Svært vått til tider.
Men vi opplevde og at skyene over oss skrudde att kranene så vi fekk ta av oss den våte regncapen.
Men trass i alt det våte. Det var ein fin vandring i eit for meg, annleis landskap enn eg til vanleg ferdast i.
Å gå gjennom skogen og over myrane når skodde hekk lavt mellom trea, var fasinerande.
Men motiva kom ikkje lenge enn til netthinna, for fotoapperatet låg tørt nedpakka i sekken.

Heldigvis var ikkje vassføringa så altfor stor i elva Muggedøla, for der var det inga bru å gå for å kome over til den andre sida.
Der var det berre å ta av seg på føtene, slenge skorne rundt halsen, og vasse ut i den strie elva.
Det var inge god botn å gå på. Glatte steinar. Men der var spent eit tjukt reip over elva som vi kunne halde oss i.
Alle kom velberga over, og der på setervollen venta det nokre frå det lokale soknerådet med forfriskningar i form av drikke og frukt.
Så etter å ha fått på oss våte sko og lestar igjen, kunne vi stå i småregnet ved elva, og nyte ein varm kopp kaffi med noko til.
(Bilete frå dette finn ein på www.begnadalen.no)

Men noko vi sakna var vandringsstavane våre. Dei låg diverre att heime, endå vi hadde hatt god bruk for dei under vandringa på glatte og steinete skogsstiar.


Første natta skulle vi overnatte i telt.
Eg hadde i det høve kjøpt meg eit nytt, men hadde ikkje gjort noka prøveoppsetting.
Det så det var med spenning eg såg fram til den stunda.
Pilegrimsselskapet i Valdres hadde fått reist ein stor og fin gapahuk ved elva Hølera.
Utanfor den var det gjort opp eld, og rundt elden sessa pilegrimane seg for ein velsmakande middag etter dagens våte vandring gjennom skogen.


Og etter måltidet var det samling under leiing av pilegrimsprest Anne Hilde.

Men så var det teltet då.
Ikkje så enkelt å finne ein plass i krattskogen til å reise det, så vi enda i ei grushole. Der såg det flatt og greit ut.
Eg fann etter kvart ut at ei prøvereising heime hadde ikkje vore å forakte, men det kom etter kvart opp og vi kunne krype inn i vårt nattelosji.
Den natta regna det. Men teltet heldt seg tett, sjølv om det i forteltet stod dammar av vatn når morgonen rann.

Neste dag kom vi etterkvart ut av frå skog og myr, og kunne vandre på asfalt og grus fram til Reinli. Og der fekk vi tak over hovudet om natta. På bygda sin skule, som no hadde vorte bygda sin barnehage.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar