mandag 3. januar 2011

Morgonvaner


Det er underleg kor lett ein vert træl under vanen.
Her har eg som pensjonist all verda med høve til å gjer alt eg ynskjer.
Og så endar eg opp med at vanen styrer det heile.
Som det var i går, slik vert det i dag og.
Det er så trygt og godt.

Eg vaknar under den varme dyna, og kjenner ryggen fortel at det er på tide å forlate sengevarmen.
Toalett og bad får sine vitjingar først, så skal katten sleppast inn.
Er det takk han mjauar tru? - Eller var det eit : Sanneleg på tide å sleppe meg inn!
Så er det morgontablettane, henta avisa, sette på kaffien og fyre opp i ovnen.
Og medan varmen spreier seg i stova blar eg gjennom avisa - er der noko interessant tru?
Brettar den saman og slår på PC´en for ei runde mellom mine utvalde favorittar.

Så har vi vorte to i stova, og det er tid for litt morgonmat.
Ein treng ikkje lure på kva som skal på brødskivene. Vanen styrer det og.
Dagen kan byrje.
Det einaste som kan uroe opplegget er dersom eg må ut med snøfresen om morgonen.

Vanedyr?
Eg?
Ikkje i det heile!
Det er berre morgonrutine, og det er noko heilt anna.

Eit år ligg bak, og vi har starta på eit nytt med mange ukjende dagar framfor.
Om Gud vil?
Eg kjenner det litt på den måten som bilete over viser.
Vi vandrar på livsvegen vår.
Vi er pilegrimar.
Men skodda gøymer det som ligg framfor oss.
Vi har berre vegen og augneblinken vi er i.

Eg starta fjoråret som rekonvalesent etter hjarteoperasjonen.
Ei ikkje heilt god tid.
Det var ei lunge som gav meg litt problem.
Dårleg lungekapasitet og hoste.
Legekontrollane gav meg inga hjelp.
Var det kols eller astma som var under utvikling hos meg?

Så drog eg på pilegrimsvandringa, og plagene forsvann.
Om det var vandringa i varmen, eller om det var ein helgen som hjelpte, er ikkje godt å vite. Men hosten fordufta og veggen eg hadde kjent på i lunga, var der ikkje lenger.
Som Søren Kirkegaard sa: Jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag, og jeg går meg fra hver sykdom.
Vel:
Om Gud lækte meg frå ei plage, så meinte Han kanskje at eg trong noko å kjenne på.
Kanskje Han tenkte: Det er ikkje vert han vert høgmodig denne karen der nede.
Så gav Han meg ein sting i sida i staden.

Vel heime hadde eg meg ei runde med doktor og sykehus, men dei kunne fortelje at alt var i "sin skjønneste orden. Intet galt å finne."
Og takk for det.

Det har betra seg utover vinteren, men eg får vel same svaret eg som ein annan mann fekk då han bad om å bli kvitt sin torn i kjøtet: Min nåde er nok for deg.
Inga samanlikning mellom meg og vedkomande forøvrig.

No tenkjer eg framover mot ei ny vandring om nokre månader.
20 mil over den flate høgsletta i Nord-Spania, Mesetaen.
Så får eg vona at Søren sine ord om å gå frå ei kvar plage slår til i år og.

Men først noko anna som har vorte ei fast vane.
Mandagskafé saman med gjengen, på Fru Svendsen.
Så no er det snart ut i snøkaven for å måke fram bilen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar