lørdag 22. januar 2011

Dei ortodokse aust-kyrkjene (3)

Ute er det ein våt og grå dag, og på TV-skjermen er det skiskytingstafett i eit solfyllt Sør-Tyrol.
Eg er der med eit halvt auge, medan eg på PC'en har googla på kristentrua sine eldste røter i Kina.
Underleg å tenkje på at eg voks opp, og lærde, at den kom til Kina med vestlege misjonærar der James Hudson Taylor var det store namnet.

Men det er aldri for å lære noko nytt, og få eit utvida perspektiv på kvar truande i Kristi kyrkje har sett sine spor i verda, og det mykje tidlegare enn eg ante.
Og endå ein gong er det dei syrisk ortodokse, eller den arameiske kyrkja (eg er ikkje heilt klår over skildnaden på den namnebruken) som vandrar mot aust med evangeliet, og i si tid sette tydelege spor heilt til havstranda der aust.


I 1635 vart det funnen ein nedgreven stein ved den gamle kinesiske hovedstaden Xi'an.
Den synte seg å vere påskriven ei heil soge (i kinesisk og syrisk skrift) om korleis den "Lysande trua frå Syria" kom til Kina med munken Alopen i 640.
Han lærde seg kinesisk, og etter eit par år kunne han gi keisaren ein omsetting av evangelia til kinesisk. Noko som vart godt motteke.
Det vaks fram ei nokså stor kinesisk kyrkje med fleire biskopar, og mange kloster.

Steinen vart reist den 7.januar i 781.
På 700-talet byrja budhismen å breie seg i Kina, og i 840-åra sette keisaren igong trengselstider for budhistane, og då vart også dei kristne hardt råka, samstundes som islam spreidde seg inn over kristne område i vest, og slik stengde vegen mot den syriske morkyrkja.
I desse åra vert steinen, som m.a. er kalla Nestorianar-steinen, greven ned, gøymd og gløymd i 800 år.
I åra etterpå vart nok trua samanblanda med, og gjekk opp i taoismen og budhismen. Forskarar meiner å finne kristne spor i desse religionane i Kina, i tillegg til mange arkeologiske spor etter kristentrua.

Den står no i eit museum i Beijing, men der er kopiar av den på museum både i England og i USA. På sin opphavelege stad ved Xi'an står der og ein kopi ved ei pagode som no er budhistisk, men som opphaveleg var ei kristen pagode.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar