torsdag 20. januar 2011

10.juni 1944


12.september i 2008 er vi på veg frå Montredon til Figeac, vest om sentral-massivet i Frankrike.
Landskapet er eit variert åslandskap med små dalar inni mellom, der det ligg små landsbyar. Ein litt grå dag med regnbyger som ikkje når oss.
I eit lite dalsøkk rotar vi litt for finne vegen vidare. Men så finn vi det kvit-raude merket som fører oss langs ei åkerreine opp mot åsryggen der vi ser ei lita kyrkje, med husa i landsbyen bak.
Det er St. Felix, ei mil aust om Figeac.
Oppe ved kyrkja er der ein liten grøn park og eit høvelegt stort torg. På andre sida av torget ligg husa for kommuneadminstrasjonen og borgarmeisteren.
Der er og eit offentleg toalett og ei krane med trygt drikkande vatn.
Dei har omtanke for vandrande pilegrimar her.

Eg prioriterer kyrkja som er vigd til St.Radegonde. Ei gamal romansk steinkyrkje med eit tympanum frå det 11.århundre. Det syner Adam og Eva som plukkar frukta frå treet.
Då eg ruslar litt rundt kyrkja, ser eg at plassen her ber namnet "10.juni 1944 plassen".
Kva er det med den 10.juni 1944?
Eg finn ingen informasjon om det.
Inne i landsbyen tek vi ein pause på kaféen. Eg prøver meg frampå, om dei kan fortelje kva det er med denne datoen. Men nei, eg må forlate St.Felix utan å få vite det.

Og fram til i dag, 20.januar 2011, har undringa mi med ujamne mellom dukka opp. Kva hende den 10.juni i 1944 sidan dei hadde gitt landsbyen sin mest sentrale plass namnet etter den datoen?

Eg sit og sveipar mellom kanalane på TV'en. På History Channel vert eg stansa. Det er då Joakim Rønneberg som vert intervjua om Tungtvassoperasjonen.
Eg ser vekk frå skjermen ein augneblink. Når augene igjen er attende på TV'en er det noko i Frankrike dei snakkar om. Ei massakre som tyske SS-soldatar gjorde i 1944.
1944?
Kva var det som hende?

Eg må inn på Google, og slår inn landsbynamnet dei nemnde.
Oradour-sur-Glane.
Den ligg nokre mil nordvest for Figeac, to mil vest om Limogne.
Der massakrerte den 2.SS Panserdivisjon 10.juni 1944 heile landsbyen på 642 menneske, og brende ned landsbyen. Mennene vart samla i nokre låvar og skotne. Kvinner og barn vart jaga inn i kyrkja og miste livet der. Berre fem overlevde og kunne fortelje om kva som hadde hendt.
Årsaka var hemn for åtak frå den franske motstandsrørsla.
I dag ligg der berre utbrende ruinar att av landsbyen.

Men det var ikkje berre Oradour som fekk smake SS-hemnen.
Det tyske raidet gjekk føre seg i månadane mai og juni i heile regionen, og hundrevis var fanga, avretta eller sende i konsentasjonsleger.
12. mai 1944 var det St.Felix som var målet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar