tirsdag 18. januar 2011

Ei veke er over.

Når eg ser attende, så går tida fort.
Det er alt ei veke sidan sist eg logga meg inn for å skrive nokre ord.
Og det har vore ei veke der vinterkulden måtte vike for mildvær og regn.
Desverre ikkje nok mildvær til at vegane vart snøfrie.
I staden for snø, sytte regnet for at dei vart dekte av våt og speilblank is.
Etter at eg i eit par dagar hadde prøvt meg som balettdansar på glattisen, kom der ei postsending med "skokjettingar". Dei var tinga av mi kjære, og velsigna vere henne.
Sidan har eg for det meste klart å halde meg på føtene.

Jau, eg har strødd med skjelsand, men den har hatt ein tendens til å renne vekk med regnet. Og salt har ikkje vore å finne på butikken der eg handlar.
Men det er ingen grunn til å klage. Slik er vestlandsvinteren. Den skifter raskt frå det kalde og kvite til det våte og grå. Og attende igjen.
Det er berre det at ein trudde det hadde vorte annleis i nokre år, då vi hadde milde og snøfattige vintermånader.
Men dette er berre eit kort mellomspel, seier klimaprofetane, det skal verte varmare og våtare vinterar i åra som kjem.


No er vi visst komne attende til normaliteten der været skiftar mellom sørvest og nordvest, og mellom regn, sludd og snø. Med nokre vakre vinterdagar inn i mellom då himmelen lyser klar og blå om dagen,og stjernene blinkar ned til oss om kvelden og natta.
Så går det nokre veker, og så er våren her. Vestlandsvåren med grøne lier og fagre blomar over alt.

Naturen og livet er flott, med alle sine variasjonar og utfordringar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar