lørdag 1. januar 2011

Godt nytt år.

Tida ruslar avgarde utan at vi kan gjere så mykje med det.
Det var første juledag sist eg var inne her, og no er det første nyårsdag.
Ei veke har vorte lagt inn i minneboka.

Året rann ut med vind, regn og islagde vegar.
Likevel, ved midnatt dundra krutskota mellom husveggane, og lysblinkane kom tett over bygda.
Men morgonen kom med nyårsfred og opphaldsvær.
Så vart det sein frukost, og gudsteneste gjennom radioen.
Gudsteneste med kyrkjeåret si kortaste tekst. Den er berre på eit vers og fortel at på den åttande dagen vart Maria sin son omskoren og fekk namnet Yeshua (Josva er vel rettast omsett, men på gresk vart det Jesus) som tyder "Gud frelser."

Det vart ikkje så mange kyrkjevitjingar for meg denne høgtida. Berre julaftan og andre juledag.
Vi prøvde på ei første juledag og, i Stedje kyrkje. Men så hadde prestane i Sogn funne ut at å stå så tidleg opp at dei kunne halde gudsteneste kl.11.00 ein juledagsmorgon, det ville dei ikkje.
Så då stod vi utanfor ei stengd kyrkjedør den dagen.
Sidan det var sprengkaldt orka vi ikkje å vente ein heil time til at gudstenesta skulle byrje.
Derfor vart inga høgtidsgudsteneste på meg denne jula.
Det gjeld å lese lysingane, og ikkje vere så opphengd i tradisjonen.
Den kan endrast sjølv på ein juledag, lærde eg.


Men to gudstenester fekk eg med meg. Begge i den gamle stavkyrkja på Kaupanger.
På den eine var det ein gamal kjenning som forretta.
Ein sunnmøring som har gjort sogning av seg, Kjell Sæter.

Det gir meg nokre rare kjensler å sitje i ei så gamal kyrkje og høyre den gamle bodskapen som er like ny kvar einaste gong -
om barnet som var Gud, og som tok på seg vår skapnad og vart menneske.
Og samstundes kjenne seg eit med alle dei som har vore samla i denne kyrkja ned gjennom århundra for å høyre same bodskapen.

Så det vart den gamle stavkyrkja som var mi lune julekyrkje i år, medan kulden beit i kinna og small i veggane ute.
Og julegleda var den same, sjølv om kyrkja var heilt utan noko stivpynta juletre.
Det fekk lov å stå rotfest utandørs.

Så - til slutt -
ynskjer eg alle som er innom denne sida mi:
EIT GODT NYTT ÅR

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar