Vi har fått nokre nye fuglar på besøk, av og til. Dei kjem snatrande og ruslande på inspeksjon av plenen. Det er nok noko etande dei er ute etter å finne for dei er ofte ned i marka med nebbet.
Men undringa mi var kva slags fuglar dette var. Og nettet gav svar. Det er indiske løparender. Opphaveleg frå dei indonesiske øyane. Løparender fordi dei heller spring enn flyg.
Og som mat er dei glade i insekter og sniglar, og det er kanskje derfor grannen vår har skaffa seg desse tre, for brunsniglar det har vi rikeleg av. I tilegg skal dei vere flinke eggleggarar, men ikkje i reir, dei berre slepper dei frå seg der dei går. Så det kan verte eit arbeid å sanke, leit opp egga deira.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar