Slik byrjar Per Sivle diktet "Varde" som handlar om krig, ufred og vardevakt.
Eg vakna brått natt til idag, ikkje av dunder på dør, men av noko som lyste meg i augene der eg låg i min beste sømn i senga.
Det var fullmånen som sende sitt lys inn til meg og lokka meg opp frå sengevarmen og ut i den milde septembernatta, sengakledd som eg var. Men det var vel ei lita fare for å verte obsevert og skulda usømeleg åtferd på den tid av døgnet, då andre helst låg sovande under dyna.
Det var dette som lokka meg ut i septembernatta. Fullmånen hengande lavt over Hovdeåsen, og det svake omrisset av fjella i nattemørkret.
Ikkje lenge etter at eg hadde funne senga att, så var månen borte bak Helgehornet.
Og så, i kveld skulle det vere måneformørking.Det måtte eg då prøve å fange eit bilete av. Men det var ikkje like enkelt å greie, som det eg fekk til sist natt.
Først skulle månen kome over fjella i aust, og så skulle ikkje skyene gøyme han. Den raude månen som var lova, såg eg lite av. Og sjølvsagt måtte han gøyme seg i skyene,.
Men til slutt dukka han opp så eg fekk mitt foto. Men då var det ikkje store biten att av den fullmånen som jordskuggen enno gøymde. Så då får eg berre sei, betre lukke i neste måneformørking. Kva tid no vert.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar