Og då helst slik mat som det ikkje vert for mykje søl av. Så eg har eit terassebord under tak utanfor verandadøra mi. På det har eg eit fat med avskala solsikkekjerner. Og eg har mykje glede av alle dei fjørkledde som kjem på vitjing der. Nokre er raske inn og ut att med eit frø i nebbet, medan andre tek seg god tid i matfatet.
Eg var uheldig og trakka av eit terassebord ein dag. For å ungå at nokon sette ein fot ned i holet, og fekk ei alvorleg skade, fann eg eit plastfat til å legge over. Dette sidan det er planar om å legge nytt dekke på terassen med tida.
Men no var naturen meir fornuftig enn eg. Den fann at dette plastfatet kunne få ei betre nytte enn å berre dekke eit hol i terassen.
Så då det kom ein hauststorm alt i august, så snudde vinden fatet opp ned, og let regnet fylle det til randa med vatten.
Og kva vart det då ? Det fann dei fjørkledde ut. Det tok ikkje lang tid før den første heldt undervisning for dei andre om korleis dei skulle nytte det vassfyllte fatet til å ta seg eit bad. Det var ei flaksing med vengene så vatnet dreiv rundt han. Og dei har lært, no er det ofte fullt både i fatet og på kanten av det.
Det er mest gråspurv som nyttar seg av badekaret, tykkjer eg, andre artar nyttar det helst til å sløkkje tørsten. Eg må berre passe på å etterfylle med vatten når regnet let vente på seg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar