Medet mitt, Snøhornet, fortel meg denne morgonen at vinteren nærmar seg. Toppen av fjellet lyser kvitt i sola denne morgonen. Truleg var det kvitt i går også, men då var fjellet gøymt i regn og skodde. I går var det vind frå nord og nedbør som rådde, men no lovar værmeldarane at vi får sørlege og vestlege vindar, blå himmel med sol og litt varmare vindar. Hausten har meldt seg. Sjølv om trea framleis har si grøne drakt, så vil nok lauvet etterkvart skifte farge til gult, raudt og brunt. Og til slutt, om nokre veker, vil trea stå der med nakne greiner. Då bankar vinteren på døra med sitt kvite snøteppe.
Så snøen på toppane denne morgonen er nok berre det første varselet om kva som er på veg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar