Det er von i hangande snøre - høyrde eg ofte min far sa når han var ute med færingen for å prøve fiskelukka med pilken eller munnvadet langs strendene.
I jula gjekk eg overende på veg ned ei trapp. Eg kom raskt til meg sjølv att, liggande på golvet. Men fylgjene av fallet tok si tid. Det vart doktorbesøk og sjukehusopphald der det vart leita etter årsaka til fallet. Det enda med at eg fekk operert inn ei lita brikke i bringa som skulle overvåke hjarterytma mi i eit halvår framover. Og i det halvåret fekk eg påbod om å nytte apostelane sine hester, og la bilen stå. Halvåret gjekk utan at noko hjarteproblem vart registrert, og då ville eg gjerne byrje å nytte bilen min igjen. Men nei, så enkelt var det ikkje, for førarkortet mitt var gått ut og eg måtte fornye det, og til det trong eg, gamal som eg er, ein helseattest. Og det ville ikkje legen min skrive ut før legane på dei to sjukehusa eg hadde vore innom hadde klarert at det kunne gjerast. Og det er ikkje gjort i ei handvending.
Men no er det von i hangande snøre. Eller som eg brukar å sei, no lysnar det for Stad. For legane på sjukehus 2 gav si melding for fjorten dagar sidan. Og i dag, åtte og ein halv månad etter fallet, var eg på sjukehus 1 for ultralydundersøking av hjartet mitt. Legen som stod for undersøkinga sa ikkje som ei på St.Olav fortalde meg, at ho kunne gje attest på at eg ikkje var hjartelaus. Men ho i dag fann ikkje noko gale, litt tjukke årar og litt lavt blodtrykk. Så no er det berre for meg å ta meg ein tur til fastlegen min og få meg den etterlengta helseattesten.
Så kanskje, kanskje, får eg etter ni månader, endeleg ein dag, lov til å setje meg bak rattet på min eigen bil igjen. Det vert kjekt.
Det lysnar for Stad.
Det vågar eg å tru no.
Årsaka til fallet i jula ? Truleg var det eit blodtrykkfall. Slik vi såg det på fjernsynet at den svenske helseministreren brått fekk det, og gjekk ned for telling framme på podiet.
.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar