Den noverande kyrkja vart reist i 1864, samstundes som den den gamle kyrkja vart teken ned, og bygningsmateriala vart nytta i andre kommunale bygg, eller seldt på auksjon. Og med det enda den gamle stavkyrkja sine dagar.
Det første vitnemålet om den er frå eit diplom som vart skrive i 1385 i samband med ei stadfesting av ein eigdomshandel. Og stadfestinga gjekk føre seg på kyrkjebakken ved Kors kirkia i Ærst.
Men då hadde nok kyrkja alt stått mange år på kyrkjebakken på Velle, og mange generasjonar låg alt innanfor murane på kyrkjegarden.
Eg fekk ei vakker bok til jul. Ei om kyrkjene på Sunnmøre. Der står det og ein del om den gamle kyrkja. Kors kyrkje i Ørsta.
Forvitneleg var det å lese at av stavkyrkjene her i landet var 10 av dei 11 største kyrkjene i landet her på Sunnmøre, og Ørstakyrkja var i flatemål den 4. største med ei grunnflate på 257 kvm.
Kors kyrkje i Ørsta er namnet som er brukt i diplomet frå 1385. Kyrkja på Vallabakken var korsforma, men det var det mange av kyrkjene på våre kantar og som var uten at det gav seg utslag av at dei bar korsnamnet. Så grunnen måtte vere ein annan.
I katolsk tid var kyrkjene ofte vigsla til eit heilagt person, eller ein ting som var heilag. Slik vi framleis finn det dei katolske områda. Her på Sunnmøre har vi St.Jetmund på Åheim, men eg har i mi tid som prestevikar funne ei St.Olav kyrkje i Syvde og på Rovde var der ei Maria kyrkje. Langs pilegrimsvegen gjennom Valdres fann eg fleire kyrkjer som bar, eller hadde bore, helgennamn.
Eg har difor for moro skuld sagt at den gamle stavkyrkja i Ørsta måtte vere vigsla til Den Heilage Krossen. Det må vere grunnen til at ho på diplomet er nemnt som Kors kirkia.
Morosamt var det derfor å lese at Øystein Ekroll i boka stadfestar min vage teori om namnet. Kanskje var det nettopp på grunn av at kyrkja var vigsla til Den Heilage Krossen ( og kanskje hadde som relikvie ein bit av krossen liggane i ei fordjupning i alterbordet) at eit av dei fem alterskåpa som Habsburgarprinsessa Elsbeth (dronning Elisabeth) gav til kyrkja i Norge gjennom erkebiskop Erik Valkendorf. At det eine alterskåpet med krossfestinga som motiv, i omlag år 1520, kom til Kors kyrkje i Ørsta. Det som endå har sin plass på alteret i noverande Ørsta kyrkje.