onsdag 15. august 2012

Vide vidder




 Etter mange skal - skal ikkje gjennom åra, melde mi kjære og eg oss i år på noko som heiter seinsommarferie, og som KFUK-KFUM står for. Det er ei veke høgfjellsferie for dei over 60, og den er lagt til Rødungstøl høgfjellshotell i Vats i øvre Hallingdal. Vi har køyrt gjennom dalen, men aldri vore oppe i fjellet der. Og aldri prøvt vandring i eit fjellterreng som er så ulikt våre eigne fjell.  Her var det vide vidder med gode stiar, og ikkje bratte og høge fjell.
Hotellet låg fint til ved vatnet Rødungen, og på andre sida av Oladammen låg Vats fjellkyrkje der vi hadde bibeltimar over Paulus sine reiser.
I sør såg vi fjellrekkja sør om Hallingdal, den som bær namnet Hallingskarvet , og vestanfor vatnet, langt i vest fjella over mot Aurlandsdalen.
Kom vi litt opp i fjellet, var der kolle på kolle, og vatn på vatn, langt bortover. Og såg vi mot aust var der ikkje eit fjell å sjå, ruvande i synsranda.
Litt lenger oppe i lia låg der eit anna større vatn. Det var Bergsjøen. Fjella i nord er Reinskarvet.
Ved dette vatnet låg der to større overnattingsstadar. Og liene låg det fleire hyttebyar. Mi kjære og eg gjekk turen rundt vatnet. Det vart ein tur på vel ei mil den dagen. Dei andre dagane vart det litt kortare turar.
Men vi hadde godt vær denne veka, og hotellet serverte velsmakande og rikeleg mat, så vi lei inga naud.
Og når vi i tillegg hadde triveleg selskap av omlag 30 andre seniorar, vart det ei hugnadleg veke i fjellet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar