tirsdag 21. august 2012

Torpo stavkyrkje (2)



Om kyrkja ikkje har noko særs ved seg, sett utanfrå, så er det annleis når ein stig over dørstokken og inn. Her openberrar det seg eit ope og høglofta reisverk. For den som har interessa i det byggtekniske, er har mangt å feste augene på. Byggteknikken som vart nytta av den ( dei ) som reiste kyrkja på 1100-talet er interessant sjølv for ein amatør på området.
Fram mot veggen der koret ein gong var, lyfter det seg ein fargerik kvelv. Under den låg ein gong lektoriet som var eit lite galleri. Frå det vart  tekstene under messa lesne. Og kanskje stod og koret som song dei latinske salmane der.
Denne fargerike og billedrike kvelven er eineståande i norsk mellomalder kyrkjekunst.
Ein liknande var i Ål stavkyrkje. Den kvelven er hamna på museum i Oslo, medan denne framleis er på sin gamle plass i stavkyrkja.
Og kva bilete er det som stig fram, der oppe?
På den halvsirkelforma veggen under bogen står Maria og Johannes syrgjande. Truleg har der vore eit krusifiks festa på veggen mellom dei.
Midt oppe på bogen tronar Kristus på dommarsetet med Livsens bok (?) i eine handa. Rundt han er dei fire livsvesena frå Johannes Openberring.

Nede på kvar side av kvelven er der to par friser som skildrar Den Heilage Margaretha sin martyrdom.
Margaretha var ei ung kristen kvinne i Syria. Den heidne fyrsten Olybrius villa ha henne som  kone, men ho sa nei til frieriet hans. Det førde henne til martyriet. Bileta endar med å vise at Olybrius sin vondskap endar med at han sjølv kjem i Djevelen vald.

Kva meir?
På golvet under kvelven er det skore ut omrisset av ei kiste. Under golvet vart denne kista funnen, og den synte at ein mann av høg rang hadde vorte sett ned der. Men kven?
Hallingdal og Valdres låg i mellomalderen under Stavanger bispedøme, og ein trur at det er ein Stavangerbiskop som kviler der. Oppteikningane syner at det var ein biskop på visitasreise som ikkje kom attende til bispestolen i Stavanger. Kanskjer der han som kviler under kyrkjegolvet i Torpo stavkyrkje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar