torsdag 16. august 2012

Ulsåkerstølen

Ein stølstur med rjomegraut stod på programmet.
Ikkje akkurat i nabolaget, men over fjellet til nordsida av Hemsedal.  Det vart ei kolonne på 7 bilar som tok avgarde. Først ned i bygda til Vats, og så opp i fjellet att. 33 km over fjellet på Fanitullvegen, før vi bikka ned bakkane , forbi skiheiser og store skituristanlegg, til Hemsedal.
Ved Ulsåk barst det opp bakkane igjen, inn til Ulsåkstølen under det stupbratte floget på Skogshorn.
Det var her rjomegrauten venta på fylgjet.
Men om det måltidet er det lite å sei sidan denne karen knapt har nytt mjølkemat sidan han vart avvend i sin tidlege barndom.
Men dei andre i fylgjet let vel over den.



Litt lenger over mot Valdres ligg ei lita grend i skogen mellom stølane. Nede i dalbotnen speglar eit vatn himmelen, og oppe i bakken ligg der ei lita mørkbrun kyrkje Det er Lykkja kapell. Diverre var ikkje døra open, så inn kom vi ikkje, men ein tur rundt kyrkja fekk vi.
På kvar av sideveggane var der to utskorne søyler. Eg trudde med det same at det var av same type som vi ser i dei gamle stavkyrkjene, med eit grimt utskore hovud på søylekapittela, men nei.
Her var ingen skjegget viking, men det var dei fire evangelistane som fekk pryde kapellveggane.
Over hovudet hadde kvar eit lite tak for å verne dei mot nedbør, og på sokkelen var namnet og kvar deira symbol skore inn.
Eg tok ein liten prat med Johannes, som ofte talar sterkt til meg, men denne dagen var han heller fåmælt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar