mandag 20. august 2012

Torpo stavkyrkje (1)

Kastar ein eit blikk til sides når ein køyrer gjennom Torpobygda, så vil ein sjå den vesle og brune stavkyrkja stå på kyrkjebakken, ikkje langt frå RV 7.
Men det er berre kyrkjeskipet og tårnet som står der idag.  Bygdefolket vedtok å bygge ei ny og større kyrkje, og då byrja dei og å ta ned den gamle kyrkja frå slutten av 1100-talet. Då var svalgangane rundt kyrkja tekne bort tidlegare. Rivinga tok til i 1880. Då stod og nyekyrkja ferdig tett ved den gamle. Men før alt var borte, kom andre på bana og kjøpte det som endå ikkje var borte.  Det vi kan sjå idag.
Kyrkja var nok for lita i høve til folketalet i bygda på 1800-talet. Ho var nok og merka av alderen, men slik såg ho ut før rivinga tok til, og før svalgangane var borte.
I dag vil vi vel sei at ho var eit fagert smykke i bygda. På 1800-talet såg dei litt annleis på det. Svært mange gamle kyrkjer vart borte i det hundreåret. Eit stort tap tykkjer eg. 16 år tidlegare forsvann stavkyrkja i mi bygd. Av same grunnar som i Torpo. Elde og for lita.
 Over dei to dørene inn til skipet er det bygt eit par små tak. Det er for å verne to vakre utskorne portalar.
 Og dørbladet i hoveddøra har desse  smijarnsbeslaga, som nok har hatt ein funksjon utanom dekor og låsinnraming. Kanskje har der vore eit mål for rette lengda av til dømes ei aln? Slik ein finn det på døra til Slidredomen i Valdres.
Koret var borte, og der det skulle vere, var der berre eit stort hol. For å dekke det vart det bygt ei stor kasse utanpå korveggen. Slik vart kyrkja tetta igjen.

Og slik står ho idag, Torpo stavkyrkje. Enkel og lita. Reinska for all utvendig prakt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar