tirsdag 30. august 2011

Lystad skule

Lystad skule var min barndoms skule.
Bygd rundt forrige århundreskifte for å avløyse omgangsskulen på Strendene, og den vart krinsen sitt sentrum.
Her fekk borna i over hundre år lære lesing, skriving og rekning.
Og her samlast krinsen til festar, møter og basarar.
Her samlast borna til søndagskule og gutalag, og på kjøkenet i kjellaren vart det kokt mange store kjelar med krutsterk kaffi til lyd og lag.
Når storskulen skulle ha sløyd, kom det ei sending med høvelbenkar som vart sett inn i kjellarsalen.
Oppe var klasseromet, og eit lite lærarrom. På loftet var der ein lærarhybel, i tillegg til loftromet der krinsen si sjukebåre stod.


Ute hadde vi ein liten og steinet skuleplass, planen kalla, der vi dreiv ulike aktivitetar både i skuletid og fritid.
Og utanfor skulegjerdet var urda med sine store steinar og holer.
Ved enden av planen låg den store Burasteinen. Eit ynda mål for klatring i friminutta.
Når det var mykje snø, hoppa dei dristigaste frå toppen av steinen. Så fekk læraren arbeid langt ut i neste time med å spa dei lause att.
Var det berr mark, var urdaholene spanande å utforsker, og då kunne det vere lett å overhøyre att læraren ringde inn til ein ny time.

Skulen var fleire gonger truga av nedlegging, men kvar gong spørsmålet vart reist, kom krinsen på bana og forsøket vart stoppa.
Då barnetalet i krinsen auka sterkt på 1960 talet og utover, vart skulen utvida i fleire etapper.
Då vart også gamleskulen reven, og i staden kom der ein ny skule med fleire klassrom, kontor for rektor og lærarrom, skulekjøken, gymsal og bibliotek / mediarom.
Og den eine læraren i mi tid, auke til ein heil lærarstab når mine born og borneborn var elevar der.


Så kom dødsstøtet, og kommunestyret vedtok skulen nedlagd og stengd.
Men i år har han vakna til liv at, som ein Fugl Føniks av oska.
Men no er det ikkje born som får si opplæring der.
No er det framandspråklege nykomarar i bygda som får si grunnutdaning i norsk språk og norsk samfunnsliv på skulen.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar