fredag 26. august 2011

Kva ser du?

"Kva ser du, Jeremia?", vart profeten spurd ein gong.
Av Gud.


Eg sat ute med min første kaffikopp i dag.
Og mine auge var som så ofte før, vende mot fjella i aust.

Det låg morgonskodde nede i dalen, og fjella teikna seg med gråblå konturar mot dei drivande skyene over.
Brått finn lyset frå morgonsola ei opning i skylaget, og skodda i dalen strålar opp skinande kvit i mot meg. I sterk kontrast til dei mørke fjella i skuggelandet bak.

Eg vert sitjande lenge og sjå korleis lyset heila tida er i endring, alt etter som skyene over fjella opnar seg opp, og let seg att.

Kva ser du?, vart Jeremia spurd.
Det spørsmålet har vore høgaktuelt etter 22.juli.
Aldri har sterke ord om kjærleik, omsorg og det å sjå kvarandre vorte formidla så ofte som i desse dagane.
Og orda om meir kjærleik og omsorg for kvarandre, er i høg grad knytt opp imot det å sjå kvarandre.
Og kanskje også: å gi seg tid til å sjå kvarandre på tvers av alder, kjønn, rase, kultur og trusverd.

Seinare idag var eg i gravferd til ei kvinne som såg. Og som tok seg tid til å sjå.
Der var ikkje berre familie og grannar.
Kyrkja var fullsett av menneske som ho hadde sett, og som ho hadde gitt sine gode ord og sitt smil til.

Og verknaden av det er som det eg såg tidleg i dag morgon.
Når sola fann opninga i dei grå skyene, og lyste opp den grå skodda som låg lenger nede. Då lyste ho opp skinande kvit mot det gråblå rundt om.
Det vert lysare og betre når ein kvan sine strålar får lyse opp dagen for oss.
"Han såg meg", sa kronprinsesse Mette-Marit om sin prins.

Vi treng alle å verte sett.
Og å sjå vår neste.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar