mandag 29. august 2011

Det er lenge sidan det.

To av borneborna til mine byrja på ei ny epoke i livet denne månaden.
Isak byrja i barnehagen og tok det første steget ut i livet på eiga hand, og Iver forlet barnehagen og tok det første steget på skulevegen.
Og før eg rett sansar det,(om eg får leveåra) så har tida gått og dei har vorte tenåringar. På veg inn i vaksenalderen med ansvar for eige liv.

Det har gått 62 år sidan eg tok det første steget på skuleveg. Så vidt fyllt 7 år byrja eg på bygda sin vesle 2-delte skule.
Tre dagar i veka, annan kvar dag, hadde småskulen (1-3.klasse) undervisning. Dei andre tre dagane var det storskulen (4-7.klasse) sin tur.

Eg har ikkje noko bilete frå dei første tre åra på skule, men då eg var i 4.klasse samla læraren alle elevane i småskulen for å feste oss til filmen.
Av ein grunn eg ikkje hugsar, kom vi to 4.klassingane og med på biletet.


Skulen var i mine elevår, for det meste ein gutaskule. Eg hadde ikkje mange jenter som medelevar i mi tid på Lystad skule.
På biletet er der 3 førsteklassingar, 3 andreklassingar og 1 tredjeklassing, og så oss 2 i fjerde klasse, som skulle høyre storskulen til.

Når eg ser biletet av oss elevane på Lystad skule, skuleåret for 59 år sidan, er det nok kleda vi har på som skil oss mest frå elevane idag.
Det er vel tvilsomt om dagen sine foreldre hadde fått sine born til å gå i solide kortebukser, strikkastrømper og Viking gummisko.
Eit par av gutane har fått meir moderne beinkle. Olabuksene kom i salg på den tida.
Jeans heiter dei vel idag.


To år seinare er eg komen i 6.klasse, og vi er på ny oppstillte til fotografering. Denne gongen er læraren med.
Kortbuksene er borte. Nikkers og langbukser har vorte normalen. Gummiskorne er vel og på veg ut, men ikkje Viking gummistøvlar.
Endå har eg eit år att før konfirmasjon, og så to år på Ørsta ungdomsskule. I ei stor klasse der det var mange jenter, etter 7 år på ein liten skule saman med berre gutar.
Og 3 dagars veka auka til 6 dagar.

Eg trur nok at dagen sine elevar ville fått nokre nye erfaringar, om dei fekk oppleve vår dag i barneskulen, og vår fagkrets.
Skuledagen opna alltid med ein morgensong, og første skuletime var eit kristendomsfag.
I tillegg hadde vi rekning og skriving. Norsk, landkunne, naturfag og soge.
I 7.klasse fekk vi nokre timar med engelsk.

Datamaskin og kalkulator var ukjende saker. Det same var mobiltelefon.
Skriving var med blyant. Skriving med penn og blekk høyrde og med, og då var trekkpapir viktig. Kulepenn fekk eg først i ungdomsskulen.
Og det vart gitt karakterar til jul og til skuleferien, alt frå første klasse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar