tirsdag 30. september 2025

Og siden ....

Livet vende eit blad for meg då mi kjære vart henta og eg fekk ei grav å gå til. Eg har alltid, helt frå barndom og ungdomen hadde glede av bøkene si verd. Før var det mykje forteljingsliteraturen  som rådde grunnen, men i dei seinare åra har også lyrikken opna sin rike verd for meg.
Hans Børli sin lyrikk har sin heim i eit landskap som ikkje er mitt, i skoglandet aust om fjella.. Ikkje mellom fjella og dalane i fjordlandet her vest.  Likevel gir han meg mange gode stunder med poesien sin.
Som dette : Selv den mørkeste midnattstime. 
Er det eit av siste versa i Openberringsboka som er bakgrunnen for orda hans ? 

Selv den mørkeste midnattstime
vet at sola alltid er
på andre siden, at
snøen på toppene snart
skal gløde i gry av dag,
dyrene som jager i mørkret
søke til hulen. Dette
vet natta. Og hjertet
deler denne vissheten 
en liten tid. 

            Og siden ?

Siden skal grensen slettes ut.
Kløften fylles igjen. Loddene 
fjernes fra vekten.
Tyngde skal ikke vere mer,
heller ikke rop og adskillelse,
for grensen er slettet ut.
Livets og Dødens land
forenet ved en skinnende bro
av fiksstjerne-lys.
                           Ingen
behøver lenger
lys fra sol
eller skinn fra lampe,
 For Guds ansikt lyser.

Natt skal ikkje vere meir, og dei treng ikkje ljos av lampe eller sol, for Herren Gud skal lyse over dei. Op. 22.5



torsdag 25. september 2025

Yes !

No har eg prøvt det, og veit kor det kjennest !
Det å ikkje ha lov til å setje meg bak rattet i min eigen bil, starte den, setje den i gear, sette foten mot gaspedalen og køye meg ein tur. I ni månader har eg vore hindra frå det, men i dag hende det. Eg kjende nok på ei uro idag før son min køyrde meg til biltilsynet. Ville der ligge ei enno ei hindring i vegen for at eg fekk fornye førarkortet?  Men nei, kvinna bak skranken var smilande og blid, og brått stod eg med eit fornya førakort i handa. Og på heimturen sat eg sjølv bak rattet. For første gong etter ni månader.
Eldste bror min frykta for at han skulle oppleve å misse retten til køyre bil. Den opplevinga slapp han å erfare. Det var det.eg som fekk. Men eg har vore heldig, familie og vener har stilt opp for meg når eg trong skyss, men nokre kilometer med bruk av apostelane sine hestar har det nok likevel vorte  i denne tida. Men no er det over, sola kikar igjen fram frå skyene. Ni månaders ørkenvandring er over.

tirsdag 23. september 2025

Vinter på veg

Medet mitt, Snøhornet, fortel meg denne morgonen at vinteren nærmar seg. Toppen av fjellet lyser kvitt i sola denne morgonen.  Truleg var det kvitt i går også, men då var fjellet gøymt i regn og skodde. I går var det vind frå nord og nedbør som rådde, men no lovar værmeldarane at  vi får sørlege og vestlege vindar, blå himmel med sol og litt varmare vindar. Hausten har meldt seg. Sjølv om trea framleis har si grøne drakt, så vil nok lauvet etterkvart skifte farge til gult, raudt og brunt. Og til slutt, om nokre veker, vil trea stå der med nakne greiner. Då bankar vinteren på døra med sitt kvite snøteppe. 
Så snøen på toppane denne morgonen er nok berre det første varselet om kva som er på veg.

fredag 12. september 2025

Von i hangande snøre

Det er von i hangande snøre  -  høyrde eg ofte min far sa når han var ute med færingen for å prøve fiskelukka med pilken  eller munnvadet langs strendene.
I jula gjekk eg overende på veg ned ei trapp. Eg kom raskt til meg sjølv att, liggande på golvet. Men fylgjene av fallet tok si tid. Det vart doktorbesøk og sjukehusopphald der det vart leita etter årsaka til fallet. Det enda med at eg fekk operert inn ei lita brikke i bringa som skulle overvåke hjarterytma mi i eit halvår framover. Og i det halvåret fekk eg påbod om å nytte apostelane sine hester, og la bilen stå. Halvåret gjekk utan at noko hjarteproblem vart registrert, og då ville eg gjerne byrje å nytte bilen min igjen. Men nei, så enkelt var det ikkje, for førarkortet mitt var gått ut og eg måtte fornye det, og til det trong eg, gamal som eg er, ein helseattest. Og det ville ikkje legen min skrive ut før legane på dei to sjukehusa eg hadde vore innom hadde klarert at det kunne gjerast. Og det er ikkje gjort i ei handvending. 
Men no er det von i hangande snøre. Eller som eg brukar å sei, no lysnar det for Stad. For legane på sjukehus 2 gav si melding for fjorten dagar sidan. Og i dag, åtte og ein halv månad etter fallet, var eg på sjukehus 1 for ultralydundersøking av hjartet mitt.  Legen som stod for undersøkinga sa ikkje som ei på St.Olav fortalde meg, at ho kunne gje attest på at eg ikkje var hjartelaus. Men ho i dag fann ikkje noko gale, litt tjukke årar og litt lavt blodtrykk. Så no er det berre for meg å ta meg ein tur til fastlegen min og få meg den etterlengta helseattesten. 
Så kanskje, kanskje, får eg etter ni månader, endeleg ein dag, lov til å setje meg bak rattet på min eigen bil igjen. Det vert kjekt.
Det lysnar for Stad.
Det vågar eg å tru no.

Årsaka til fallet i jula ? Truleg var det eit blodtrykkfall. Slik vi såg det på fjernsynet at den svenske helseministreren brått fekk det, og gjekk ned for telling framme på podiet.
.

onsdag 10. september 2025

Stell godt med småfuglane

Mi kjære var glad i blomster og fuglar. Diverre har eg ikkje same grøne fingrane som ho, så der er ikkje mykje att av den blomeprakta som ho stelte med, korkje ute eller inne. Men kontakta med dei små med venger har eg prøvt å halde vedlike. Også i den varme årstida prøver eg å ha litt mat å finne for dei.
Og då helst slik mat som det ikkje vert for mykje søl av. Så eg har eit terassebord under tak utanfor verandadøra mi. På det har eg eit fat med avskala solsikkekjerner. Og eg har mykje glede av alle dei fjørkledde som kjem på vitjing der. Nokre er raske inn og ut att med eit frø i nebbet, medan andre tek seg god tid i matfatet.
Eg var uheldig og trakka av eit terassebord ein dag. For å ungå at nokon sette ein fot ned i holet, og fekk ei alvorleg skade, fann eg eit plastfat til å legge over. Dette sidan det er planar om å legge nytt dekke på terassen med tida.
Men no var naturen meir fornuftig enn eg. Den fann at dette plastfatet kunne få ei betre nytte enn å berre dekke eit hol i terassen.
Så då det kom ein hauststorm alt i august, så snudde vinden fatet opp ned, og let regnet fylle det til randa med vatten.
Og kva vart det då ?  Det fann dei fjørkledde ut. Det tok ikkje lang tid før den første heldt undervisning for dei andre om korleis dei skulle nytte det vassfyllte fatet til å ta seg eit bad. Det var ei flaksing med vengene så vatnet dreiv rundt han. Og dei har lært, no er det ofte fullt både i fatet og på kanten av det.
Det er mest gråspurv som nyttar seg av badekaret, tykkjer eg, andre artar nyttar det helst til å sløkkje tørsten. Eg må berre passe på å etterfylle med vatten når regnet let vente på seg.


søndag 7. september 2025

Månelys

Det høyrdest ved nott eit dunder på dør. Og husbonden vaknar og spring fram og spør, Kva er det som belar?
Slik byrjar Per Sivle diktet "Varde" som handlar om krig, ufred og vardevakt.
Eg vakna brått natt til idag, ikkje av dunder på dør, men av noko som lyste meg i augene der eg låg i min beste sømn i senga. 
Det var fullmånen som sende sitt lys inn til meg og lokka meg opp frå sengevarmen og ut i den milde septembernatta, sengakledd som eg var. Men det var vel ei lita fare for å verte obsevert og skulda usømeleg åtferd på den tid av døgnet,  då andre helst låg sovande under dyna.
Det var dette som lokka meg ut i septembernatta. Fullmånen hengande lavt over Hovdeåsen, og det svake omrisset av fjella i nattemørkret. 
Ikkje lenge etter at eg hadde funne senga att, så var månen borte bak Helgehornet.
Og så, i kveld skulle det vere måneformørking.Det måtte eg då prøve å fange eit bilete av. Men det var ikkje like enkelt å greie, som det eg fekk til sist natt.
Først skulle månen kome over fjella i aust, og så skulle ikkje skyene gøyme han. Den raude månen som var lova, såg eg lite av. Og sjølvsagt måtte han gøyme seg i skyene,.
Men til slutt dukka han opp så eg fekk mitt foto. Men då var det ikkje store biten  att av den fullmånen som jordskuggen enno gøymde.  Så då får eg berre sei, betre lukke i neste måneformørking. Kva tid no vert.
 

tirsdag 2. september 2025

Ro stilt langsmed landet

Henrik Straumsheim vaks opp i Sykkylven, men fekk sitt yrkesliv som lærar og folkehøgskulestyrar i mi heimbygd. Han skreiv mange dikt. Mellom dei mest kjende er dette - Ro stilt langsmed landet. Og det har fylgt meg frå ungdomen av. Men korleis eg les det har nok endra seg med åra.
Ro stilt langsmed landet, 
for kvelden er nær,
den annsame dag er til ende.
Du kjem ifrå langferd
og no er du her, 
og strendene tykkjest deg kjende.

No er du på heimferd,
det rodnar i vest, 
og byene spaknar mot kvelden,
og tindane låner
ein kvervande rest
av ljoset frå soleglads-elden.

Då skimrar ei stjerne
i drøymande sjø,
då kviskrar ei båre mot stranda
og voggar deg inn
mot ei eldgamal stø
der ætter i aldrar har landa.

Ro stilt langsmed landet
med glede i sinn
om skuggane legg seg på fjorden,
sving opp imot støa,
legg årane inn, 
og så kan du takke for roren.
Eg møtte ei ein dag som eg, då eg var i mitt 16.år, hadde vore elev saman med i eit folkehøgskule år. No når vi var  komne i vårt 84.år, må det kunne seiast at vi har hatt ei langferd bak oss i livet. No nærmar eg meg den eldgamle støda der ætter i aldrar har landa.
Men enno sit eg ved årane. Kor lang ror eg har att, er meg ukjent. Det kan framleis vere år att av min ror .Men ein dag er eg framme og kan svinge opp imot støa og legge årane inn. Då er tida komen for å takke for roren.



 









mandag 1. september 2025

Ei and, fleire ender

Vi har fått nokre nye fuglar på besøk, av og til. Dei kjem snatrande og ruslande på inspeksjon av plenen. Det er nok noko etande dei er ute etter å finne for dei er ofte ned i marka med nebbet. 
Men undringa mi var kva slags fuglar dette var. Og nettet gav svar.  Det er indiske løparender. Opphaveleg frå dei indonesiske øyane. Løparender fordi dei heller spring enn flyg. 
Og som mat er dei glade i insekter og sniglar, og det er kanskje derfor grannen vår har skaffa seg desse tre, for brunsniglar det har vi rikeleg av.  I tilegg skal dei vere flinke eggleggarar, men ikkje i reir, dei berre slepper dei frå seg der dei går. Så det kan verte eit arbeid å sanke, leit opp egga deira.