fredag 28. februar 2025

Natt på St. Olav

Det er nokre år sidan no. For andre gong låg eg på St. Olav på grunn av hjartet. Denne gongen vart det opning av bringa og skifte av nokre blodårar inn til hjartet. Det kallast vel "bypas". Eg vart liggande lenge på overvåking grunna bløding etter operasjonen, men kom etterkvart på eit eige rom.

Ei natt vakna eg av uro nede på gata utanfor vindauget. Det var mange manns og kvinnestemmer  som steig opp til meg. Glade røyster i natta. Det kom for meg at det måtte vere ein pub der nede som hadde stengt for natta og sendt gjestane ut på gata. Men kvifor stod dei der nede, kunne dei ikkje gå vidare i staden for å halde meg vaken ?
Men det var meir som undra meg. Det stod eit stort tre utanfor vindauget, og det skifte årstider heile tida. Blada på det treet endra seg heile tida. Frå grøn sommar til gul haust. For så å gå frå bladlaus vinterham til  å  stå med nyutsprungen vår igjen.
Men søvnen måtte ha overmanna meg etter kvart for då eg vakna om morgonen var det stilt og lyst utanfor vindauget. Natta si oppleving stod klår for meg . Eg måtte ut av senga  for å sjå puben der nede på gata, og det store treet, Men korkje puben eller treet var å sjå. Berre ei smal gate mellom to høge husveggar.

Hendinga har undra meg sidan. Var det berre ein draum i Remfasa av svevnen, utløyst av det eg hadde vore igjennom i timane på St. Olav  - eller  - opplevde eg ei revne i veggen som skil oss frå den evige verda . Svaret får eg nok aldri. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar