mandag 24. februar 2025

Veimerker

Sist søndag var teksta i kyrkjene om då Jrsus var forklåra for dei tre læresveinane som var med han opp på eit høgt fjell. Der ope vart Jesus endra for augene på læresveinane. Det lyste av han og kleda han vart kvitexsom snø.Der møtte dei og Moses og Elia. Dei to var døde for fleire hundre år sidan, men dei møtte Jesus der for å førebu han for det han i skulle møte i Jerusalem i den komande påska.
Tradisjonen vil ha det til at det var oppe på fjellet Tabor, nord for Genesaretsjøen det hende. 
Eg var der på ei av mine vitjingar i Israel og fekk sjå den store kyrkja der, og ruinane av alle bygningane som hadde vore der gjennom århundra.
Slik vart Jesus førebudd på lidinga han skulle møte Jerusalem, men det undrar meg om også vi stundom kan verte førebudde på det som skal møte oss ein gong framtida ?

For mange år sidan no kjøpte eg  Dag Hammarskjøld si bok " Veimerker "
Han var den andre generalsekretæren i FN, og omkom då flyet han sat i vart skote ned i Afrika på veg til mekling i Kongo si Katangakrise.

Veimerker er ei form for dagbok der han skriv ned sine tankar heilt frå 1925 til han døyr i 1961. Og dei tankane han skriv ned i starten av boka, datert i 1925 gjer at eg undrar meg, hadde han ei aning om kvar livet skulle føre han.?

Videre drives jeg
inn i ukjent land.
Grunnen blir hårdere,
luften mer skjærende kold.
Rørt av vinden
fra mitt ukjente mål 
skjelver strengene 
ventende.

Ennå søkende 
skal jeg være der fremme, 
der livet klinger ut - 
en klar enkel tone 
i stillheten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar