onsdag 26. februar 2025

Bård skulemeister

Det nærmar seg tre år sidan mi kjære fekk heimlov. Det er ikkje få gongar i desse tre åra eg har helde rekneskap over mine gjerningar som ektemann og far gjennom desse åra. Og desverre, sjølv om vi hadde kvarandre kjære, og ho var min beste hjarteven, så er det ikkje alt eg er like stolt over når eg ser attende.

Som skulegut las eg eingong i Nordahl Rolfsens lesebok ei forteljing som sette seg fast i meg. Ei forteljing av Bjørnstjerne Bjørnson  om to brør, Bård og Anders som var det brør skal vere, bestevener. Men så hende det at far deira døydde og det vart deira ulukke,  for far deira eigde eit flott gullur, og det ville dei begge ha. På auksjonen etter faren baud dei over kvarandre, heilt til Bård baud så mykje at broren måtte gi seg. Etter den dagen tala dei ikkje med kvarandre, Med Anders gjekk det nedover medan Bård stod seg godt. Bård hadde mykje anger, men makta møtte ikkje broren att før Anders låg på dødsleget. Då endeleg fekk dei møtast og tala ut om det vonde som hadde vore imellom dei.
Eg leita etter soga i kveld utan å finne den, før eg kom inn i boka  : Ein glad gutt , der stod soga om den gode Bård skulemeister. 
Korleis enda BB forteljinga om brørne og Bård skulemeister. Med dette verset:

Elsk din neste du kristensjel, 
tred ham ikke med jernskodd hæl. 
ligger han enn i støvet!
Alt som lever, er underlagt
kjærlighetens gjenskapermakt,
bliver den bare prøvet.

Arnulf Øverland skreiv diktet "En hustavle"  
Tre korte vers som ha fylgt meg sidan eg høyrde dei første  gongen,  det måtte vere i den radioprogramposten som bar namnet " Ønskediktet "

Der er en lykke i livet 
som ikke vendes til lede: 
Det at du gleder en annen, 
det er den eneste glede.

Der er en sorg i verden 
som ingen tårer kan lette:
Den at det var forsent 
da du skjønte dette.

Ingen kan resten av tiden 
stå ved en grav og klage,
Dagen har mange timer.
Året har mange dage.

Eg kan nok angre på ting og ord som skulle vore annleis, men  gjort gjerning står ikkje til å endre. Eg kan ikkje kalle dei attende og få dei ugjort. Eg får heller prøve så langt eg klare det la soga  om brørne Bård og Anders, og Øverland sine kloke ord få rom i meg for resten av mine dagar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar