onsdag 12. februar 2025

Skyer

I nokre dagar no vil det vere klår og blå himmel over oss her på vestkysten av landet. Eg må tilstå at det gleder eg meg over. Slik eg og gleder meg over å få sjå sola stige litt høgre på himmelen for kvar dag.
Eg må og tilstå at dei dagane når himmelen ikkje berre er einsarta blå eller grå.  Likevel, når skyene der oppe, drevne av vinden syner seg seg fram i stendig skiftane former, det finn eg meir spanande enn i det einsarta blå eller grå. 
Men som skyene er stendig skiftande, så er heller ikkje våre liv her i verda like frå dag til 
Ikkje til undrast over at mange store kunstnarar har vore opptekna av himmelens vinddrevne skyer i sine målarstykke.
Men ikkje berre i målakunsten, også i Bibelen finn vi mengder av skriftord der skyer er omtala, også ord som er knytte til den allmektige Gud sin tilsynekomst.
Og då er ikkje vegen lang til poesien, både i salmar og sangar.  Som denne som opnar kvart vers slik ;

I tru under himmelens skyer har fedrane hausta og sådd. Og fram gjennom bygder og byar har kallet og vekkinga nådd. ---

I tru under himmelens skyer vi vandrar i fedranes spor og ventar blant alle som lyder, ein Andens og Gudsrikets vår -----

I tru under himmels skyer vi skodar  den skimrande strand, i håpet som stendig fornyar vår lovsong i jordlivets land. ----

Men om ein dag er skytung og grå så høyr kva  Sigvart Engset syng i ein song ;

Ikke alle dager er like, alle ei på gleder er like.
Ikke hver en dag kan jeg Herrens vei forstå,
men hver en dag jeg kan til Jesus gå.
Haleluja, haleluja, at hver en dag jeg kan til Jesus gå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar