torsdag 6. mars 2025

Kva ventar oss ?

Ja, kva ventar oss i dagane som kjem? Er det uvær i vente for Europa og verda i tida som kjem?
Det spørsmålet trur eg ligg og uroar mange av oss. Verda er ikkje så trygg lenger , sjølv ikkje for oss i vår vesle krok, her langt oppe mot nord.
Den russiske bjørnen har rørt på seg  i mange  år alt, og dei amerikanske statane har fått ein ny president som har som mål i rive ned det som var for å bygge ein ny samfunnsmodell.
I USA - og i verda. Der gamle motstandarar vert nye vener., og gamle vener vert kasta på bålet.

Eg synest å kjenner att ein gamal samfunnsmodell teikne seg i USA, ein modell som Nazi-Tyskland hadde, som Russland og Kina har, og som no teiknar seg i USA under Trump. Eit eineveldsstyre.  Der makta ligg hos ein mann og hans lakeiar.
Det triste er  at mange av dei som kallar seg kristne, og som skulle ha kristi etterfylging fremst i pannebrasken let seg blinde til å stille opp i lovprisingskoret av forføraren sine ord og handlingar. 

Så igjen. Kva ventar oss i dagane vi har framfor oss.  Kristus bad oss vere edru og vakne, og tenande for våre syskjen  i ei vond tid. Jamfør Matteus 25, 35-36.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar